Hjem
Studentsider
bilateral

University of Hyderabad og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandIndia
  • ByHyderabad
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar. University of Hyderabad har eit krav om karakteren C eller betre i snitt for å gi opptak. I tillegg må studentar kunne vise til minst eitt års studiar (60 ECTS) i Noreg når dei søker seg til dette universitetet.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du høyrer til for informasjon om dette.

Språk

All undervisning foregår på engelsk. Norske studentar slepp som regel å ta engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten finne informasjon på nettsidene til University of Hyderabad om kva dokumentasjonfor språkkunnskapar universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar får opptak til «Study in India-programme» ved University of Hyderabad. I dette programmet inngår eit samfunnsvitskapeleg fagtilbod, men det er mogeleg å ta nesten kva emne som helst ved universitetet, berre ein har dei nødvendige faglege forkunnskapane.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB kan nominere inntil 5 studentar til utvekslingsopphald ved University of Hyderabad kvart semester og alle studentar må betale skulepengar. Studieavgifta låg i 2020 på USD$ 3200 per semester.

Studentrapportar

Informasjon