Hjem
Studentsider
bilateral

Peking University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studier ved Peking University må ein ha eit karaktersnitt på "rein C" eller betre.

Om tal på plassar:

Det er éin plass til studentar på 3. studieår og to plassar til studentar på siste studieår. Plassar som eventuelt ikkje blir brukte på siste studieår kan istaden brukast på 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Det vanlege undervisningsspråket er kinesisk, men dei har ei rekke kurs som blir undervist på engelsk, slik at du treng ikkje å kunne kinesisk for å utveksle til Peking University. External Affairs Office of Peking University Law School tilbyr språkkurs til dei som ønsker å lære kinesisk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du til dette universitetet på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Sudieåret 2024/2025: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Det er fire rettsområde Peking University Law School er kjend for å vere særleg god på; Legal Theory Studies, Constitution and Administrative Law Studies, Economic Law Studies, og Criminal Law Studies. Innan desse fagområda toppar dei rangeringa blant kinesiske Law Schools.

Dei engelske emna som tilbys er frå The Master of Laws (LL.M.) Program in Chinese Law. Også studentar som utvekslar på 3. studieår tek emne på masternivå. Studentar både på 3. og 5. studieår må ta 15 credits valde blant emna som er del av LLM-programmet for å oppnå 30 studiepoeng. For å auke valfridomen når emna har ulikt tal på credits og ikkje alltid går opp i 15, blir også 14 credits godkjend som tilsvarande 30 studiepoeng.

Fordi Kina ikkje har eit einskapleg nasjonalt grads- og creditsystem, varierer det frå universitet til universitet kor mange credits fakultetet vurderer at tilsvarar 30 norske studiepoeng.

Vi gjer merksam på at sjølv om du tek emne som tilhøyrer LLM-programmet vil du ikkje oppnå ein LLM-grad etter utveksling til Peking University.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentar som utvekslar til Kina får eit tilleggstipend frå Lånekassen. For studieåret 24/25 er dette på kr 4277 per månad. Dette er fordi nasjonale politikarar ønskjer å motivere fleire norske studentar til å studere i land som Norge særleg ønskjer å samarbeide med når det gjeld forsking og høgare utdanning.

PKU Impressions: One Day at PKU

Produsent:
Peking University
1/2

Andreas Slettevold - utveksling Kina

Produsent:
Utdanning i verden
2/2

Studentrapportar

Informasjon