Hjem
Studentsider
erasmus+

Academy of Fine Arts 'Jan Matejko', Cracow og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByKraków
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Jan Matejko Academy of Fine Arts i Kraków er Polens eldste kunstnariske universitet. Historia til akademiet strekker seg tilbake til 1818. Kunstakademiet har sju fakultet som gir utdanning i ni gradsstudiar, mellom anna måleri, scenografi, skulptur, trykking og interiørdesign. Kunstakademiet har totalt i overkant av 1200 bachelor-, master- og doktorgradsstudentar.

Krakow er hovudstad i regionen (voivodskapet) Lille-Polen som ligg sør i Polen. Byen var hovudstad for heile Polen fram til 1609 og blir stadig rekna for å vere landets kulturhovudstad og ein av Europas vakraste byar. Han har om lag 750 000 innbyggarar og blir besøkt av nesten sju millionar turistar årleg. Krakow var relativt intakt etter andre verdskrig og den vel bevarte gamlebyen står oppført på UNESCO si verdsarvliste.

Bustad

Lærestaden tilbyr ikkje innkvartering, så ein må belage seg på å finne bustad på eiga hand.

Semesterinndeling

oktober - februar

februar - juni

Informasjon