ESAG Penninghen og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)
- LandFrankrike
- ByParis
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Penninghen, skulen for kunstretning og interiørarkitektur ligg i hjartet av Paris, i Saint-Germaindes-Prés-distriktet. Skulen ligg i lokala til Académie Julian, grunnlagt i 1867. Den prestisjetunge Académie Julian vart etablert av Rodolphe Julian som ein privat atelierskule for kunststudentar, og førebudde dei til opptaksprøvane til den anerkjente École des Beaux-Arts. Penninghen rangerer øvst på Frankrikes topp private institutt for høgare teknisk utdanning innan kunstretning og interiørarkitektur.
Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.penninghen.fr/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8055
- FagnavnDesign