Hjem
Studentsider
bilateral

Korea National University of Arts og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Korea National University of Arts (K-Arts) blei etablert i 1993 som landets einaste kunstuniversitetet. Lærestaden har 26 avdelingar fordelt på seks skular: musikk, drama, film, TV og multimedia, dans, visuell kunst og koreansk tradisjonell kunst.

Seoul er hovudstaden i Sør-Korea. Byen ligg ved Hanelva og har rundt 10 millionar innbyggarar. Den er rekna som ein av verdas ti viktigaste finanshovudsete, og nokre av verdas største industriselskap, som for eksempel Samsung, LG og Hyundai-Kia, har sine hovudkontor her.

Bustad

Lærestaden tilbyr bustad for utvekslingsstudentar. Ta kontakt med internasjonalt kontor ved KNUA.

Semesterinndeling

september - desember

mars - juni

Informasjon