Academy of Fine Arts, Warsaw og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)
- LandPolen
- ByWarszawa
- Studieplassar1
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 5. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Academy of Fine Arts i Warszawa er det eldste kunstnariske universitetet i Polen og har i over hundre år utvikla talent til unge kunstnarar. Før det fekk tittelen som akademi i 1932, går historia tilbake til stiftinga av Department of Arts ved Warszawa universitetet i 1812, og opprettinga av ein eigen institusjon i 1844. Fagområda ein tilbyr her har eit perspektiv med stor breidd og utdannar framtidige interiørarkitektar, kunsthistorikarar og kunstmålarar. Her kan ein òg lære og bli betre innan bevaring og restaurering av kunstverk, samt mediekunst som spesialiserar seg på animasjon, fotografering og audiovisuelt rom.
Warszawa er hovudstad i Polen og er, med underkant av to millionar innbyggarar, landets største by. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har byen blitt hardt råka av krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Ettersom byen allitd har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.
Bustad
Studentar må belage seg på å finne bustad sjølve.
Semesterinndeling
oktober - februar
februar - juni
Informasjon
- Hjemmesidehttps://asp.waw.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8072
- FagnavnKunst og design