Hjem
UiB Ambassadør
Reisebrev fra Salamanca

Frå sol til siesta: Eit semester i Salamanca

Eg heiter Anna Tødenes, er 22 år gamal og studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Denne hausten valde eg å reise på utveksling. Sidan eg ikkje fekk Lisboa, fyrstevalet mitt, gjekk turen til Salamanca. Tilfeldigvis blei dette saman med venninna mi Leonora, og vi gjekk saman for å oppleve noko heilt anna enn det vi er vande med i Bergen. Med sin majestetiske arkitektur og gyrande studentliv, innsåg eg fort at eg hadde meir flaks enn eg trudde.

Bilde av student på utveksling
Foto/ill.:
Anna Tødenes

Hovedinnhold

Eg valte å kome til Salamanca fordi eg ville til ein varmare plass, men eg innsåg tidleg i oktober at haust er haust – uansett om du er i Noreg eller Spania. Eg fekk dessutan varmare august og september enn eg ville fått i Bergen, så eg var godt lei av varmen før vinteren kom.

Eg hadde heldigvis med meg ei god venninne frå studiet heime, Leonora, og vi trivst godt saman dei første vekene som vi brukte på språkkurs på Colegio de España, samt turar til Madrid og San Sebastián. Etter ein lang ferie måtte eg kome meg til jussfakultetet i Salamanca, der forelesingane for emna mine blei haldne. Fakultetet liknar ei stor marmordekorert boks, og har vore både altfor varm og no på starten av desember, altfor kald. Dei første dagane på skulen var eg både spent og litt nervøs, men kom fort inn i både klasseromsmiljøet og det større sosiale Erasmusmiljøet.

Eg har fått gode vener frå studiet og Erasmus, og planlegg allereie å sjå dei igjen neste semester, både i Belgia,
Nederland og Tyskland.

Den største fordelen med å ta utveksling i Salamanca er definitivt det sosiale miljøet, samt reisemoglegheitene. Den største ulempa derimot var mangel på research på førehand – eg trudde kanskje det var fleire bademoglegheiter her, som ein innsjø eller noko liknande. Det var det altså ikkje, men sidan det er mange offentlege basseng og ei stor elv, klagar eg eigentleg ikkje. Det er pent og grønt ved elva, og der er dessutan flotte solnedgangar.

Eg og Leonora har som sagt reist ein del, og vi har vore fleire gonger i Madrid. Madrid er ein fantastisk storby, sjølv om flyplassen er litt for stor og litt rotete. Det går dessutan hurtigtog dit, og det har vi tatt nytte av. Eg trur faktisk eg har vore i Madrid 10 gonger sidan eg kom i august, og det er berre desember.

Ein av dei kjekkaste dagane i vinter var ein dagstur til Madrid saman med dei nye venninnene mine Lauren og Margaux, der vi fekk oppleve byen frå ein litt meir avslappa side. Vi brukte dagen på vintage-shopping, god mat og isskøyting. Det var så koseleg når vi besøkte den flotte julemarknaden på Plaza de España, der vi drakk varm vino caliente og kosa oss med den fine stemninga under stjernehimmelen.

Vi tok derimot ikkje nytte av tog når vi reiste til nord, men BlaBlaCar. Dette var eit godt alternativ, og etter 4,5 fredfulle timar i bil med eit vaksent, fransk kjærestepar var vi brått i San Sebastián. Å oppleve San Sebastián i finaste sommartid, med strand og is, samt pintxos på kvelden, var absolutt nydeleg. Nord-Spania har fantastisk arkitektur og er heilt spesielt grunna den franske påverknaden. Vi budde på eit storslagent hotell, og såg både nedover byen og sjøen.

Vi måtte sjølvsagt besøke vår gode studievenninne Fanny i Barcelona når vi først var i Spania. Dette var ein 4–5 timers tur, der vi bytta tog ein gong i Madrid. Fanny varta opp og viste Barcelona frå si beste side, og gav oss enda meir meirsmak på det spanske liv. Sidan Fanny bur rett ved sidan av La Sagrada Familia, gav ho oss ein nydeleg tur på veg heim frå klubben - med månen som skinte over den nydelege katedralen.

Det spanske utelivet er kanskje den største forskjellen frå Noreg til Spania. I Salamanca nyttar folk seg av siesta, som også gjer at dei varer heile natta på byen. Eg har vener som er ute frå 00 til 08, noko til og med eg synest er i lengste laget.

Det er også store forskjelar på skulesystemet. Eg var i klasse med hovudsakleg studentar rett frå vidaregåande, som gjorde at det var litt vel stor aldersforskjell mellom oss på Erasmus og medstudentane våre.

I tillegg er utforminga på førelesingane ein del annleis enn i Bergen, då det er oppfordra å delta aktivt i timen – sidan det direkte påverkar karakteren din i emnet. Det var òg store forskjellar frå professor til professor på dette. Nokon la opp til mykje diskusjon, medan andre hadde heilt vanlege førelesingar. Det er òg meir fordeling av vurderingsformer, då eg i alle fag hadde meir enn berre eksamen til slutt – noko eg ikkje er vant til ved Universitetet i Bergen.

Å ta utveksling i Salamanca har gjeve meg minne og erfaringar som eg kjem til å ta med meg resten av livet. Eg har fått smaken på korleis det er å leve i eit anna land, med både likskapar og forskjelar til Noreg. Det har vore inspirerande å sjå korleis folk i Spania kombinerer kvardagsliv og livsglede, og korleis dei prioriterer tid til både seg sjølv og andre. Det spanske folket er varmt, og oppfordrar meg som regel alltid til å prøve å prate til dei på spansk, sjølv om eg ikkje er så god.

For framtidige utvekslingsstudentar vil eg anbefale å sjå igjennom reisebrev og studentrapportar om destinasjonen – særleg om du har spesifikke forventningar. Hugs også å vere open for det uventa; det er ofte der dei beste opplevingane ligg. Eg hadde aldri forventa å få så gode venar her som eg fekk! Utforsk det lokale miljøet, men bruk også moglegheitene til å reise og oppdage nye stadar.