Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Salamanca og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySalamanca
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogrammet i samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre samfunnsvitskaplege fagområde vert prioritert om det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå anbefalingar for ditt studieprogram for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket på programmet i Global Studies er engelsk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld spesifikt for programmet i Global Studies ved Faculty of Law, University of Salamanca. Det tverrfaglege programmet har fokus på dei store globale samfunnsutfordringane med hovudvekt på statsvitskaplege tilnærmingar. Salamanca passar særleg godt for deg som vil studere på engelsk i eit spansktalande land. Blant emna finn du grunnleggande statsvitskaplege emne og spesialiseringsemne som tar for seg tema som ulikskap, utviklingspolitikk, menneskerettar, migrasjon, sikkerheit, minoritetar, korrupsjon samt nokre juridiske emne.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon