Home
Student Pages
erasmus+

University of Salamanca and Department of Comparative Politics (ERASMUS+)

  • CountrySpain
  • TownSalamanca
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Salamanca ligg i byen Salamanca, vest for Madrid, i den autonome regionen Castilla y León. Universitetet blei grunnlagt i 1218 og er Spanias eldste. Geografar herfrå var i si tid rådgivarar for Columbus si oppdagingsferd til Amerika. Universitetet har i dag litt over 30 000 studentar og avdelingar innan humaniora, samfunnsvitskap og juss, naturvitskap, medisin og helsefag og teknologi. Internasjonalt er universitetet kanskje mest kjent for tilbodet innan språkfag og spanskopplæring for utlendingar.

Universitetsbyen Salamanca har rundt 160 000 innbyggarar og er den tredje største byen i regionen. Han har vore mykje prega av krig opp gjennom historia og var i si tid hovudsete for Francodiktaturet. Innbyggarane her er kjende for å snakke den «reinaste» spanske dialekten, noko som forklarer populariteten til spanskutdanninga ved universitetet.

Accommodation

Internasjonale studentar kan søke bustad enten ved eit av universitetet sine tradisjonsrike studentbustadkompleks, eller hos ein spansk vertsfamilie.

Semester duration

September - februar og februar - juni.

Information