Migrasjonsforskarar i felt
– Møtet med migrantane har gjort stort inntrykk, men som antropolog er det også med utgangspunkt i desse møta at eg tenkjer best, seier Christine M. Jacobsen.
Hovedinnhold
Jacobsen er forskar og prosjektleiar for WAIT-prosjektet som undersøker venting blant irregulære migrantar i Europa.
– I prosjektgruppa forstår me venting som noko allstadnærverande. Det er ikkje at folk venter, men korleis dei ventar som er interessant. Og særleg er det viktig å sjå på føresetnadene, og då tenkjer eg mellom anna på dei materielle føresetnadene, som migrantar venter under, seier Jacobsen.
Ho skildrar ein kvardag prega av stor bustadsmangel, innskrenka velferdsrettar, og ei svært prekær tilknyting til arbeidsmarknaden. Slike materielle føresetnader kan være viktige i eit helsemessig perspektiv, men dei er også viktige for moglegheita migrantar har til å realisere sine livsprosjekt og ta del i samfunnet.
Venting og makt
Jacobsen er tydeleg på at venting også handler om makt, om kontroll over eiga tid og over andre si tid.
– Ofte blir venting forbunde med stillstand og passivitet, men venting kan omfatte mange temporalitetar, eller måtar å erfare og strukturere tid på. Til dømes kan tempo skruast opp gjennom korte tidsfristar for innlevering av dokumentasjon til myndigheitene, eller skruast ned gjennom lange behandlingstider. Snarare enn stillstand og passivitet handler det altså om at tida blir bunden opp av myndigheitene, seier Jacobsen. Ho peiker på korleis myndighetene legg beslag på tida til irregulære migrantar gjennom møteinnkallingar, framskaffing av ulike dokument og papirer, og lange køar i møte med byråkratiet.
–Eg pleier å kalle dette for ei kolonisering av migrantane si tid og deira livsprosjekt. Slik sett må venting forståast som eit uttrykk for ein maktrelasjon der det er skilnader mellom dei som kan få andre til å vente eller til å skunde seg.
Men det er også viktig å sjå på korleis effektane av venting avheng av kva som er objektet for venting, eller kva ein venter på:
– Kva som er objektet for ventinga er viktig for korleis den blir erfart. Dette er til dømes tydeleg blant migrantar som sit på mottak i påvente av å bli sendt ut av landet. Slike situasjonar er ofte prega av håplaushet og kjensler av avmakt hjå migrantane, og er sentralt for deira erfaring av førehaldet mellom fortid og framtid.
Norsk midlertidighet
Det siste året har forskarane i WAIT-prosjektet gjort etnografiske feltarbeid i fleire europeiske storbyar. Dei har utvikla sine eigne delprosjekt innanfor rammene til WAIT. Postdoktor Marry-Anne Karlsen har fokusert på situasjonen til irregulære migrantar i Oslo.
– Eg har mellom anna sett på førehaldet mellom tid og tilhørighet. Som til dømes korleis migranter erfarer tilhørighet i og gjennom tid, eller tidsdimensjonane ved staten sine forsøk på å avgrense migranter si tilknytning til Noreg.
Karlsen fortel at Noreg, som mange andre europeiske land, i dei siste åra har implementert ei rekke nye politiske tiltak som har som mål å gjere det vanskelegare å være irregulær migrant i landet.
– Slike tiltak produserer spesifikke temporaliteter, som til dømes ei kjensle av kronisk midlertidighet, seier ho.
– Både moglegheiten for å bli send ut av landet når som helst, og den avgrensa tilgangen til velferdstenester for irregulære migranter, er med på å forme denne erfaringa av midlertidighet. Mine informantar uttrykka ei kjensle av at dei venta på å høyre til, og av at dei levde eit liv i limbo. For migranter kan den lange ventetida opplevast som ein prøvelse eller straff frå dei norske myndighetene.
Karlsen seier at andre land, som til dømes USA, Frankrike og Italia, har eigne regelverk som gir irregulære migranter amnesti etter ei viss tid i landet. Slike amnesti etablerer grenser for kor lenge ein kan være i ein tilstand av venting. Noreg derimot, er eit av dei strengaste landa i Europa når det kjem til amnesti, og norske myndigheter grunngir dette med behovet for å sende eit signal om at ulovleg opphald ikkje blir belønna.
– Likevel hadde mange av mine informantar opphalde seg i Noreg over lenger tid. Dei fleste har vært mellom 7 og 12 år i landet, og nokon har vært her så lenge som 20 år, seier ho. Ho er klar på kva som har gjort mest inntrykk på henne under feltarbeidet:
–Dei svært vanskelege førehalda som ein del av informantane lev under.
Tysk «toleranse»
Situasjonen for irregulære migrantar i Tyskland liknar på mange måtar den i Noreg. Også her finnes det mange som har venta på lovleg opphald eller på å bli sendt ut av landet i fleire år. Kari Anne Drangsland har gjort feltarbeid i Hamburg, og ho har i sitt prosjekt fokusert på korleis venting og tid er med på å forme utviklinga av grenser.
– Eg er mellom anna oppteken av førehaldet mellom tid og ulike inkluderings- og ekskluderingsmekanismer. Til dømes gjennom ei grensedragning mellom dei som står innanfor og utanfor arbeidsmarknaden. Særleg har eg vært oppteken av å forstå korleis migrasjonsregelverket produserer eit eige tempo og styrer rytmen til folk sine liv, seier Drangsland.
Mange av dei ho møter i dei to flyktningleirane ho gjer feltarbeid har budd der lenge, nokon opp til to år, sjølv om leirene er utforma for 6 månaders butid. Mirgantane bur i arbeidsbrakker og deler rom med fire ander. I leirene får dei måltid til faste tider, og dei får heller ikkje lov til å forlate leira meir enn tre dagar om gangen. I tillegg blir tida til migrantane strukturert av tidsfrister i byråkratiet, og av korleis rettar til arbeid og språkkurs er fordelt avhengig av kor migrantane kjem frå samt deira juridiske status.
– Men eg er oppteken av å forstå migrantane si erfaring av tid som kompleks. Den vert også forma av deira bakgrunn, av dei sosial relasjonane dei inngår i, av deira helsetilstand, og forventningar og ynskjer om framtida, seier Drangsland, og understreker at migrantane ho har arbeidd med jobbar med ulike måtar å skape seg den framtida dei ynskjer seg.
Men Tyskland skiljer seg også frå den Norske konteksten på somme viktige områder. Drangsland har mellom anna sett på korleis det tyske regelverket opnar for avgrensa former for regularisering gjennom duldung-regelverket. Duldung tyder «tolerert», og opnar for ei midlertidig utsetjing av deportasjon.
– Duldung organiserer og strukturerer tida på ein spesiell måte. Nokon av dei eg har møtt har levd med ei slik utsetjing i fleire år, fordi dei til dømes er for sjuke til å bli deportert. Utsetjinga må fornyast av myndigheitene annakvar veke, og inneber ofte fleire timar med venting i kø. I tillegg lev migrantane i ein situasjon der trusselen om deportasjon alltid heng over dei, seier Drangsland. Ho har informantar som har vært «tolerert» i Tyskland i 14 år.
– Duldung skaper med andre ord ein situasjon der ein blir utsett og sårbar, og der det er veldig vanskelig å planlegge framtida, men regelverket opnar også for forhandlingar om framtida med myndigheitene, og ein viktig del av arbeidet mitt har vore å sjå på slike forhandlingar.
Kritisk kjønnsforsking på migrasjon
Christine M. Jacobsen er svært nøgd med arbeidet i prosjektgruppa. Som leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking er ho også oppteken av kjønnsforskinga sitt bidrag inn i WAIT-prosjektet:
– Sjølv om kjønn ikkje alltid er i fokus for analysene me gjer, så spring mykje av det analytiske arbeidet me gjer i prosjektet ut frå ulike feministiske perspektiv. Særskild har desse vært sentrale i diskusjonane me har hatt omkring dei etiske sidene ved forskinga. Her har mellom anna feministisk geografi og antropologi vært med på å definere fagfeltet.
Det er den kritiske tilnærminga til kjønnsforsking Jacobsen trekk fram når ho skal understreke betydninga av dei kjønnsteoretiske tilnærmingane og perspektiva som forskingsprosjektet er tufta på.
– I forskingpolitikken er det mykje fokus på «impact» og samfunnsrelevans, men for oss er det viktig at dette ikkje berre handler om myndighetene sitt kunnskapsgrunnlag, men også om relevans for dei migrantane me arbeider med. Og dette heng jo sjølvsagt også saman med anerkjenninga av behovet for grunnleggande kritisk forsking på migrasjon. Ho håper prosjektet kan bidra med ny kunnskap om korleis venting og usikkerhet omkring eiga framtid er ein viktig del av erfaringa til irregulære migrantar.