Hjem

Kjønn, seksualitet og mangfald, årsstudium

På kjønnsstudium utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Det lar oss betre forstå både menneska og det samfunnet vi lever i. Samtidig blir arbeid mot diskriminering og for sosial rettferd meir og meir viktig i vår globaliserte samtid.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar15
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Tematisk har kjønnsstudiet særleg fokus på samspelet mellom kjønn, seksualitet og mangfald, og ulike maktstrukturar i samfunnet. Vi undersøker også korleis kjønn, seksualitet og mangfald kjem til uttrykk i kunst og kultur. Du lærer å forstå og analysere kjønn, seksualitet og mangfald frå ulike teoretiske perspektiv, så som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, interseksjonalitet, postkolonial teori og globaliseringsteori.  

Med eit årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald vil du få:   

  • brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle betydninga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit historisk, notidig og globalt perspektiv  
  • ta i bruk kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald for å analysere samfunn og kultur 

Døme på spørsmål vi drøftar:   

  • Kva er kjønn, kva er seksualitet og korleis kan vi tenke nytt om mangfald? 
  • Kva ulike kulturelle forståingar av kjønn og seksualitet har vi? 
  • Korleis endrar forståinga av kjønn seg over tid?   
  • Kva betydning har ulike forståingar av kjønn, seksualitet og mangfald for kvart enkeltindivid og for samfunnet som heilskap? 
  • Kva debattar er sentrale i diskusjonen av  kjønn, seksualitet og mangfald i dag? 
  • Kan litteratur, film og kunst  vise oss nye måtar å tenke om kjønn, seksualitet og mangfald?  

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt til rette for at du er aktivt med i diskusjonane. Vi diskuterer dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.   

Her møter du folk med ulik fagbakgrunn og mange blir inspirert av å lære av kvarandre og ikkje berre av faglitteraturen. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald er etterspurt kompetanse i mange yrke. Aktuelle jobbar er:  

  • rettleiar for minoritetsspråklege   
  • rekrutterar   
  • rådgjevar for private verksemder og ideelle organisasjonar 
  • administrasjonsansvarleg   
  • lærar  
  • forskar  
  • rådgjevar innanfor studieadministrasjon   
  • kommunikasjonsrådgjevar 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. April.

Studiets oppbygging 

Studieløpet kan sjå slik ut:

1. semester 

2. semester 

Eitt av emna:  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å bytte studieprogram til bachelorprogram i kjønnsstudium. Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet. 

Dersom du allereie har ein bachelorgrad, kan årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald gi eit godt grunnlag for ulike masterprogram i kjønnsstudium  

Spørsmål om studiet? 

E-post: studierettleiar@skok.uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her