Hjem

Toårig masterprogram i rettsvitskap

Som masterstudent ved Det juridiske fakultet vil du få kontakt med leiande fagmiljø innan strafferett, rettargang og formuerett. Du får undervisning og rettleiing av engasjerte forskarar med stor fagleg tyngde, og kan spesialisere deg innan juridiske fagfelt som du sjølv er opptatt av.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på det toårige masterprogrammet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet. 

Obligatorisk frammøte: Studiestart er måndag 12. august, og denne dagen skal du møte opp på campus. Veka før vil du få ein e-post med nærmare informasjon om når og kvar du skal møte.  

Program for studiestarten: Velkommen som ny student på Det juridiske fakultet

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på siden Ny student.

Har du tatt emne frå før? Etter at du har fått opptak kan du du søke om at juridisk utdanning frå andre institusjonar skal bli ein del av graden din ved UiB. Her kan du lese meir om faglig godkjenning av ekstern utdanning

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging av studieløpet ditt eller studiekvardagen din, er det fint om du tar du kontakt med oss så tidleg som mogleg. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg dersom du får tilbod om studieplass. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Informasjonssenteret på telefon 55 58 95 00 eller skriv til oss her. 

. 

Kva lærer du?

Noko av det viktigaste du lærer på masterstudiet i rettsvitskap, er å tolke og bruke rettskjeldene på rett måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Du lærer å løyse konkrete rettsproblem, og blir i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte. Etter gjennomført mastergrad i rettsvitskap vil du ha stor kunnskap om nasjonal og internasjonal rett.  

Studiekvardag

Jusutdanninga i Bergen er kjent for eit svært aktivt studentmiljø og eit godt undervisningsopplegg. 

Undervisninga er på norsk og engelsk, og skjer gjennom forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Du skal skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling du vel etter dine interesser. Fakultetet tildeler deg ein rettleiar som har god kjennskap til temaet du vil skrive om.   

På siste studieår kan du søke om å skrive masteroppgåve knytt til eit av forskingsprosjekta ved fakultetet. Du kan òg søke opptak til forskarlinja. På forskarlinja kan du fordjupe deg i eit tema du har valt sjølv. Her får du tett oppfølging og variert undervisning, og får økt forståing for juridisk metode og rettsvitskapleg forsking. 

Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen. Dragefjellet er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. Her finner du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt.   

Kva kan du jobbe som? 

Juristar med mastergrad i rettsvitskap er etterspurt og arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er svært god. Nær sagt alle med utdanning frå Det juridiske fakultet seier dei er i relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.  

Juristar sin kompetanse er etterspurt både i privat og offentleg sektor. Eksempel på nokre av stadene du kan jobbe er:    

  • offentleg forvaltning som Skatteetaten, Utanriksdepartementet eller kommune 
  • advokatkontorrivat næringsliv som bank, skipsfart eller industri  
  • politiet og Forsvaret  
  • domstolar som tingretten, lagmannsretten eller Høgsterett  
  • universitet og høgskular  
  • nasjonale organisasjonar som LO og NHO  
  • internasjonale organisasjonar som FN, EU eller Røde Kors  

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha bestått bachelorgrad i juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger. Studieprogrammet har oppstart kvar haust. I 2024 er det 30 studieplassar.   

Les meir om opptakskrav på våre opptakssider.    

Send søknad via Søknadsweb innan 15. april.

Studiets oppbygging

Mastergradsstudiet i rettsvitskap er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.     

Det første studieåret består av obligatoriske emner. På andre året kan du velje emne etter eigne interesser.  

1. semester 

  • strafferett (emnekode JUS345, 20 studiepoeng)
  • rettargang (JUS346, 20 studiepoeng) 

2. semester

  • allmenn formuerett (JUS347, 20 studiepoeng) 

3. semester

  • spesialemne (30 studiepoeng), utanlandsopphald (valfritt)

4. semester

  • masteroppgåve (JUS399, 30 studiepoeng) 

Dei fleste skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng i eitt semester. Det er mogleg å søkje om å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng over eitt år, eller søkje opptak til Forskarlina som er på 70 studiepoeng.  

Utveksling

Å reise på utveksling gir ei fantastisk mogleigheit til å lære meir om internasjonal rett og til å få nye perspektiv på norsk rett gjennom å lære om korleis ulike rettsområde er regulert i andre land. Du kan reise på utveksling til meir enn 100 universitet over heile verda. 

Vidare studiemoglegheiter

Drøymer du om å bli forskar eller å undervise om jus? Etter at du har bestått masterstudiet kan du søke opptak til forskarutdanninga ved Det juridiske fakultet.  

Les meir om ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet  

Spørsmål om studiet? 

Skriv til oss her eller ring oss på telefon 55 58 95 00  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan rettsvitskap, master (2 år)