Biologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar53
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på masterprogrammet i biologi, eit studium ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Frammøte: Første oppmøte haustsemesteret 2024 er tysdag 13. august kl 09:00-11:00 i Nash auditorium (rom M04) VilVite Vitensenter Thormøhlensgate 51
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gjeve viktig informasjon om masterstudiet. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein e-post til studie@bio.uib.no
Etter lunsjpause kl. 11-12, skal du på obligatorisk HMS-kurs fra kl 12.15-14.00 i Nash auditorium (rom M04) VilVite Vitensenter Thormøhlensgate 51
Ta med: laptop
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.
Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no
Kva lærer du?
Som masterstudent i biologi studerer du viktige prosessar og typiske mønster i økosystema. Vi ser på alt frå kjenneteikn hos flora og fauna i habitat til biologi, økologi og evolusjon i organismar, populasjonar og samfunn.
Som masterstudent i biologi forskar du på dei store spørsmåla innan biologifaget:
- Korleis utviklar livsformer, mønster og prosessar seg?
- Korleis oppstår og utviklast biodiversitet?
- Korleis kan vi måle miljøgifter og mikroplast i havet?
- Korleis bevarer og bruker vi havet berekraftig?
- Korleis kan vi få ei meir berekraftig oppdrettsnæring?
Du kan velge mellom følgende studieretningar:
Studieretningar
Meir informasjon under
Norges beste biologiutdanning
Studiekvardag
Livet til ein masterstudent i biologi er hektisk og givande.
Arbeidsveka di er fylt opp av aktivitetar som
- laboratoriearbeid
- feltkurs
- turar med forskingsfartøy (om du vel marin spesialisering)
- ... og sjølvsagt forelesingar, aktiv læring og seminar
Du får undervisning av forskarar som er dei beste innan sine fagfelt. Vi er Noregs største marine universitet, med høg internasjonal kvalitet på akademisk utdanning og forsking og med fleire forskingsmiljø i verdsklasse.
Bergen ligg slik til at det er mogleg å bruke naturen som klasserom, og vi legg vekt på praktiske øvingar gjennom omfattande bruk av dataanalyse, feltarbeid/ekskursjonar og interaktive diskusjonar med tilsette og studentar frå heile verda.
Vi skaper eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt. Mange ulike nasjonalitetar arbeider saman, og engelsk er normalt arbeidsspråket.
Masterstudentane har saman med bachelorstudentane eit fagutval, Biologisk fagutval (BFU). Dei organiserer sosiale aktivitetar og er eit bindeledd mellom studentane ved Institutt for biovitskap. Her har du som student anledning til å delta for å påverke din eigen studiekvardag, og for å bidra til eit godt sosialt læringsmiljø for studentane.
Når du begynner å jobbe med masteroppgåva di, blir du ein del av ei forskargruppe på instituttet. Instituttet er del av ei levande marin klynge med fleire forskingssenter og næringsverksemder.
Kva kan du jobbe som?
Som ferdig utdanna har du ekspertise innan biologi kombinert med brei kompetanse innan naturvitskap. Dette sikrar at du er godt rusta til å gå inn i stillingar innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og andre viktige jobbar i samfunnet.
Med mastergrad i biologi kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Du kan jobbe både sentralt og regionalt, for eksempel i miljøorganisasjonar, konsulentfirma og i statlege departement og direktorat. Du kan også spesialisere deg innan biologi og miljøspørsmål hos forskingsinstitutt og relevante næringslivsforetak, som den veksande havbruks- og sjømatnæringa og bioteknologibransjen.
Studentane våre har fått jobb i :
- konsulentbransjen: Christine fekk jobb i Åkerblå AS og Sylvelin fekk jobb i Miljøfaglig Utredning AS
- miljøorganisasjonar
- offentleg forvaltning: Astrid fekk jobb i Miljødirektoratet
- forskingsinstitusjonar: Ine fekk jobb hos Havforskningsinstituttet og Jon fekk jobb i NORCE
- museum, natursenter og formidling: Marte fekk jobb i Norges Fiskerimuseum og Frank fekk jobb i nature:expo
- oppdrettsnæringa
- bioteknologibransjen
- akademia
- skoleverket
- det private næringsliv
Les meir om kva du kan jobbe med
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Masterprogrammet i biologi bygger på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:
- bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
- minst 60 studiepoeng i biologi
- minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
- minst 7,5 studiepoeng i statistikk
- minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skole)
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i biologi
- Bachelorgrad i berekraftig havbruk
- Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi
Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:
-
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.
Du må også ha:
-
Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C (2,5) i emna i opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.
-
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, eller på annan måte (Språkkrav for tospråklege program)
OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
Studiets oppbygging
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar vil avhenge av kva spesialisering du vel. Du tar to obligatoriske emne innan forskingsmetode første semester: BIO300A Akademisk skriving (5 studiepoeng) og BIO300B Biostatistikk (5 studiepoeng). Det andre året jobbar du med masteroppgåva, også på 60 studiepoeng. Når eit heilt år er avsett til å arbeide med masteroppgåva, har du anledning til å fokusere berre på det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.
1. Semester
- Akademisk skriving (BIO300A, 5 studiepoeng)
- Biostatistikk (BIO300B, 5 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
2. Semester
- Valemne (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
3. Semester
- Masteroppgave (30 studiepoeng)
4. semester
- Masteroppgave (30 studiepoeng)
Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i biologi, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din.
Utveksling
Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre laboratoriearbeid, delta på sommarskole ved Universitetssenteret på Svalbard eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.