Hjem

Medie- og interaksjonsdesign, master, 2 år

På masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign lærer du å designe og utvikle engasjerande løysingar for nye media.
  • Lengde2 År
  • Plassar12
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Mastergraden er ei bransjenær utdanning som gjer deg i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til både medieprodusentar og mediebrukarar.   

Sentrale problemstillingar i faget er:  

  • Kva er godt interaktivt medieinnhald?  
  • Korleis ser framtidas media ut?  
  • Korleis kan interaksjonsdesign og tekniske løysingar hjelpe medieprodusentar å skape betre medieinnhald?  

Gjennom media får befolkninga informasjon som gjer det mogleg å delta i den offentlege debatten. I mediefeltet ser vi ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingarogløysingar, og nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald.  

Med denne utdanninga kan du identifisere og utvikle moglege løysingar på dei utfordringane media har når det gjeld å skape betre og meir effektiv arbeidsflyt. 

Du vil få ein kompetanse som kombinerer teknisk utvikling med kritisk og kreativ tenking, og spesialisert kunnskap innan interaksjonsdesign for mediefeltet.  

Studieløpet gir ein unik moglegheit til å fordjupe deg i eit prosjekt som lar deg kombinere teknisk utviklingsarbeid og innhaldsproduksjon knytt til media. 

Full liste med læringsutbyte

Studiekvardag

Framfor forelesningar, skjer undervisninga heller gjennom seminargrupper, workshoppar, diskusjonsgrupper og feltkurs. Dette er eit fulltidsstudium, og du må rekne med å delta i 8 timar organisert undervisning kvar veke, i tillegg til sjølvstudium. Undervisninga og litteraturen er på engelsk. 

Det første året har du tilgang til delt lesesal, mens du på andre året kan søke om fast lesesalplass. Alle emna (faga) er obligatoriske, og det er obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart emne. 

Undervisninga er i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap som TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Mediability og Vimond. Samtidig som undervisninga er teoretisk rotfesta i medievitskap, interaksjonsdesign og kommunikasjonsteori gir den også studentane ein unik nærleik til mediebransjen.

Meir informasjon under

Master's In Media And Interaction Design

Produsent:
Infomedia UiB

Kva kan du jobbe som? 

Ettersom nær sagt alle sektorar i dag er digitalisert, er det aukande merksemd rundt det  å gjere digitale løysingar meir brukarvenlege.   Å vere i stand til å forstå kva brukarar i ulike situasjonar treng, og å lage løysingar for dette, er eigenskapar som blir stadig meir etterspurt.  

Nokre av jobbane du kan få med denne utdanninga inkluderer:  

  • interaksjonsdesignar 
  • UX-designar 
  • front-end-utviklar 
  • datajournalist 
  • digital medieutviklar 
  • medieentreprenør og gründer 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging

Mastergradsstudiet i medie- og interaksjonsdesign er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.  

1. semester

  • MIX301 Medieteknologi: teori og utvikling (15 sp)
  • INFO361 Forskingstema i menneske-maskin interaksjon (HCI) (15 sp)

2. semester

  • MIX303 Forskingsdesign og feltstudiar (15 sp)
  • Valemne frå INFO på masternivå (15 sp)

3. og 4. semester 

  • MIX350 Masteroppgåve (60 sp)

Du kan gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med eit medie- eller medieteknologiselskap. Du kan kontakte selskap på eiga hand for å avtale samarbeid, men ulike selskap vil også kome til oss for å presentere idear til masterprosjekt

Det praktiske arbeidet med masterprosjektet kan vere ein prototype på ein praktisk applikasjon, men kan òg vere ei evaluering av eit interaktivt medium eller ein produksjonsstudie.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje mogeleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet. 

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad kan du óg søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 64 

E-post: advice.mcb@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her