Hjem
Utdanning

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Denne studieplanen gjeld frå og med opptak til haust 2024. (Studenter tatt opp før 2024 kan finne sin studieplan i Mitt UiB)

Mål og innhald

Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.

I studieretninga inngår fordjuping i matematikk (fag 1). Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve innan matematikk eller matematikkdidaktikk. I tillegg inngår 60 studiepoeng i eit av faga fysikk, kjemi, biologi eller naturfag (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervising i to fag i vidaregåande skule. Studentane veljar fag ved studiestart.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten har

  • solide grunnkunnskapar i matematikk og statistikk (fag 1) og et av faga kjemi, biologi, fysikk og naturfag (fag 2)
  • avansert kunnskap i matematikk med fordjuping i matematiske bruksmåtar, inkludert databehandling, matematisk modellering, abstrakt matematikk eller matematikkdidaktikk
  • grunnleggande kompetanse i programmering og erfaring med bruk av IKT i matematiske simuleringar og numeriske utrekningar
  • inngåande kunnskap om vitskapelege problemstillingar, forskingsteoriarog-metodari realfaglege, pedagogiske og fagdidaktiske spørsmål. For matematikk inneber dette også logisk tenking, argumentasjon og bevis og matematisk notasjon
  • kunnskap om utviklinga av skolen som organisasjon og brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
  • kunnskap om matematikk og et annet realfag som skule- og forskingsfag, inkludert betydning for kultur og samfunnsutvikling
  • inngåande kunnskap om relevant matematisk og matematikkdidaktisk forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk
  • kunnskap om matematikkens rolle i samfunnet og den teknologiske utviklinga
  • kunnskap om ungdomskultur og ungdoms ut- vikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
  • kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og om deira rettigheiter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og ha kjennskap til teikn på vald og seksuelle overgrep mot barn og unge og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • beherskar matematisk problemløysing og bruk av matematikk i praktiske situasjonar
  • kan bruke pedagogiske verktøy, inkludert digitale plattformer, til å drive utforskande matematikkundervisning
  • kan orientere seg i matematisk og matematikkdidaktisk faglitteratur, analysere og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar innanfor fagområda
  • kan anvende faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike områder
  • kan anvende relevant forskingslitteratur på områder som er relevant for profesjonsutøvinga
  • kan anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter og planlegge og leie undervising på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan på et sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar, relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan nytte digitale verktøy i undervisning, plan- legging og kommunikasjon samt rettleie unge i deira digitale kvardag
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elever si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over egen læring og egen fagleg utvikling
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, og ha kjennskap til teikn på vald eller seksuelle overgrep, og kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar ved behov
  • kan gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevantforskingsprosjektunderrettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke dagsaktuelle/samfunnsaktuelle saker/kontroversar (avis, debattsider) til å vise realfaglege aspekt og korlei dei påverkar våre haldningar/vår tenking rundt disse sakene, og til å utvikle en betre forståing

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bidra til nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid alene og i samarbeid med andre
  • kan dele døme på innovasjonsprosessar og tilrettelegging for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøving på et fagleg avansert nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskingsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle egen kompetanse og bidra til både kollegaers og skolens faglege og organisatoriske utvikling
  • har innsikt i korleis bygge relasjonar til elever og føresette, og døme på korleis samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og LÆREAL:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

  • Matematikk R2 eller Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Det er òg eit krav om minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og minimum 35 skulepoeng.

I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk R2 vert tilrådd for å kunne holde normert studieprogresjon.

Studentar som vel kjemi som fag 2 bør ha Kjemi 2 for å kunne halde normert studieprogresjon.

Obligatoriske emne

Fellesemne:

Totalt inngår 100 dagar praksis:

Spesialisering:

Minimum 50 studiepoeng valt med tanke på masteroppgåva i tråd med tilrådingar/i samråd med rettleiar

Fag 2: Eit av faga

Kjemi:

Biologi:

Fysikk:

Naturfag:

Tilrådde valemne

Alle studieløp i lektorprogrammet i realfag inneheld 10 studiepoeng som er heilt valfri. Det vert tilrådd å bruke dei til å ta eit SDG-emne eller anna emne som kan styrke den realfaglege kompetansen.

Delstudium i utlandet

Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal erfaring.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.

Kva semester som er best egna for utalandsopphald for å ta emne, avhenger av spesialisering og fag 2.

I 8. semester er det mogleg for ei gruppe av studentar å gjennomføre praksis på skule i Cape Town.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, mappevurdering, prosjekt og praksis.

For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Relevans for arbeidsliv

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skulen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag.

I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skulen der kombinasjonen av kommunikativ og realfagleg kompetanse er etterspurt, til dømes formidling og opplæring innan næringsliv, industri og forvaltning. Vidare kan lektorutdanninga vere første steg inn mot ei forskarkarriere.

Evaluering

Lektorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf.§ 4-10 andre ledd)

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Lektorutdanningsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Styringsgruppe og felles programstyre for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

lektor.realfag@uib.no