Sosiologi, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar27
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På masterprogrammet i sosiologi får du ein kombinasjon av generell kunnskap i teori og metodekunnskap. I løpet av programmet får du kunnskapar og ferdigheiter i empirisk sosiologi. Det får du blant anna ved å bruke statistiske analyseteknikkar og kvalitative tilnærmingar.
Ein student som tar masterprogram i sosiologi
- lærer å skaffe seg relevant informasjon om samfunnsspørsmål, å analysere desse med relevante metodar og teoretisk kunnskap, og å gi munnlege og skriftlege presentasjonar av resultata, basert på sakleg argumentasjon
- utviklar analytiske kapasitetar og sjølvstendig vurderingsevne i møte med ulike samfunnsspørsmål
- har velutvikla forståing av kva som ligg til grunn for samfunnsvitskapleg kunnskap og om samfunnsforskinga sine etiske reglar
Du kan fordjupe deg i tema som
- velferdsstatens institusjonar og verkemåte
- sosial ulikskap, kjønnsrelasjonar og klasseforhold
- arbeidslivets organisering og endring
- utdanning og utdanningsval
- migrasjon og etniske relasjonar
- familie og livsløp
Studiekvardag
Masterprogrammet held til på Sosiologisk institutt. Det første året skal du innom både kvalitativ og kvantitativ metode i tillegg til sosiologiske teoritradisjonar og analyse. Studiet er sett samen av forelesingar, seminargrupper, masteroppgåve og sjølvstudium. Dei to første semestra vil det vere mest forelesingar og seminargrupper (om lag 4-8 timar pr veke). Dei to siste semestra består av arbeid med masteroppgåva.
Første semester blir du orientert om forskingsprofilar og faglege interesseområde til dei vitskapleg tilsette. Sjølve masteroppgåva strekker seg over to semester. Du får rettleiing i utforminga av prosjektskissa og i arbeidet med masteroppgåva. I arbeidet får du fast plass på lesesalen for masterstudentane.
Om du skriv masteroppgåve med tema innanfor eit av instituttets profilområde, kan du bli knytt til ei av forskargruppene ved instituttet.
Korleis er det å studere sosiologi? Kva skriv studentane masteroppgåver om?
Meir informasjon under
Sosiologi, mastergrad
Kva kan du jobbe med?
Vanlege arbeidsplassar etter fullført master i sosiologi er:
- Administrativt arbeid i kommunar, fylkeskommunar og stat
- Bedriftsutvikling
- Internasjonalt arbeid
- Arbeid i departement
- Politikk
- Utdanning og opplæring
- Forsking
- Ideelle organisasjonar
- Prosjektarbeid
- Informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Med masteroppgåve kan du fordjupe deg innanfor tema i sosiologien som du er interessert i, og rette oppgåva inn mot ønska karrierevegar.
Meir informasjon under
Sosiologi
Her finn du historier frå nyutdanna sosiologar
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke på dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.
Oppbygging
Mastergraden i sosiologi har fem obligatoriske emne (50 studiepoeng), eit valfritt emne på 10 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
1. semester, haust
- SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)
- SOS304 Metode – kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng)
Vel eit valemne:
- SOS320 Velferd, ulikskap og livsløp (10 studiepoeng)
- SOS321 Migrasjon, integrasjon og mobilitet (10 studiepoeng)
- SOS322 Arbeid, klasse og utdanning (10 studiepoeng)
2. semester, vår
- SOS301 Sosiologisk analyse (10 studiepoeng)
- SOS303 Metode – statistisk analyse (10 studiepoeng)
- SOS340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng)
3. semester og 4. semester
-
SOS360 Masteroppgåva (60 studiepoeng)
Utveksling
Du kan ta delar av utdanninga di utanlands, og vi har fleire utvekslingsavtalar. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden.
Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som er mogleg å gjennomføre på masternivå.
Vidare studiemoglegheiter
Du kan bli lektor om du tar eit år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse i samfunnsfag. Svært mange sosiologar arbeider som lektorar i vidaregåande utdanning.
Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.
Spørsmål om studiet?
Telefon: 55 58 90 56
E-post: studieveileder@sos.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Søk her