Engelsk, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar24
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartVår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På årsstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.
Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Vi diskuterer spørsmål som:
- Korleis fungerer det engelske språket?
- Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?
- Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesingar og seminargrupper. I tillegg vil du lese pensumlitteratur og forberede deg til undervisning. I det andre semesteret kan du dra til Det norske studiesenteret i York og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, som ligg midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring , og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.
Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Vi anbefaler at du startar årsstudiet i engelsk i januar, men du får studierett frå hausten og kan studere andre fag ved UiB.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- Lydar og strukturar (15 studiepoeng)
- Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
2. semester
- System og variasjon (15 studiepoeng)
- Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelor i engelsk. Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Årsstudiet gir også undervisningskompetanse i engelsk på ungdomsskole eller vidaregåande skole. Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med engelsk som undervisningsfag.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studieveileder.if@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.