Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i klassisk filologi

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studenten vel anten spesialisering i gresk eller latin.

Mål

Bachelorprogrammet i klassisk filologi har som mål å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den antikke greske litteraturen eller den latinske litteraturen på originalspråket, og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har. Studentane skal få dei kunnskapane som dei treng for å sette tekstane inn i den historiske samanhengen dei høyrer heime i.

Innhald spesialisering i gresk

Gresk er det eldste litteraturspråket i Europa, og den greske skjønnlitteraturen ligg til grunn for den europeiske og vestlege litterære kanon. Gresk filosofi, litteratur, medisin og naturvitskap ligg til grunn for europeisk og vestleg intellektuelt liv. Gresk er språket som Det nye testamentet og den eldste kristne litteraturen er skriven på.

Studiet konsentrerer seg om tekstar frå den arkaiske og klassiske perioden (800-323 f.Kr.), men kan også omfatte seinare tekstar, både frå antikken og frå bysantisk tid (til 1453). I byrjinga vil studentane få grunnleggjande kjennskap til gresk språk og grammatikk, og ei første innføring i gresk historie og kulturhistorie. Studentane skal arbeide med greske tekstar ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l. Gjennom bachelorstudiet vert tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne. Det greske språket vert studert slik det vart nytta i tale og skrift i antikken og i skrift i mellomalderen til moderne tid.

Innhald spesialisering i latin

Den latinske litteraturen oppstod i det tidlege Romarriket (oml. 200 f. Kr.) og utvikla seg opp gjennom antikken, mellomalderen og heilt inn i tidleg moderne tid. Latin var såleis det dominerande litterære og vitskaplege språk i Vest-Europa frå antikken og opp til det 18. hundreåret.

I byrjinga av studiet vil studentane lese normaliserte og lettare originaltekstar frå antikken og seinare tid, og vidare få innføring i syntaks, formlære, og den historiske bakgrunnen til teksten. Studiet vil gi auka kjennskap til latinsk poetisk språkbruk, mytologi og metrikk, samt viktige romerske forfattarar og romersk mytologi. Studentane vil ta i bruk arkiv, bibliotek og historiske samlingar i prosjekt, studium og forsking, og arbeide med latinske tekstar ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l. Gjennom bachelorstudiet vert dei latinske tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne.

Læringsutbyte

Ein kandidat med avslutta bachelorprogram i klassisk filologi skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan gammalgresk eller latinsk språk, litteratur og kulturhistorie
  • har tileigna seg gode språkkunnskapar som trengst for å skjøne tekstar på gresk eller latin
  • har inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar på gresk eller latin
  • er i stand til å oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
  • har kunnskap om fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lese greske eller latinske tekstar sjølvstendig
  • kan omsette greske eller latinske tekstar til norsk
  • kan bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetting av tekstane
  • kan tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst
  • kan arbeide sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar
  • har bygd opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har opparbeidd seg ferdigheiter til å dra nytte av vekselspelet mellom dei to disiplinane språk og litteratur
  • har medvit om dei konkrete uttrykka for korleis det greske og latinske språket og den antikke kulturen påverkar den vestlege kulturen i samtida
  • har medvit om korleis språklege og kulturelle faktorar påverkar omsettingsprosessar
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

  1. LAT100 Innføring i latin (10 sp.) for spesialisering i latin
  2. GRE100 Innføring i gresk (10 sp.) for spesialisering i gresk

Obligatoriske emne

Studentar som har latin eller gresk frå vidaregåande skule og/eller kan stadfeste kunnskapar tilsvarande LAT100 eller GRE100 må søke om fritak.

Spesialisering i gresk

Minst eitt av emna:

Spesialisering i latin

Minst eitt av emna:

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Spesialisering i gresk

Eitt av emna:

Spesialisering i latin

Eitt av emna:

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i klassisk filologi kan til dømes sjå slik ut:

Spesialisering i gresk

1. semester (haust)

2. semester (vår)

  • GRE102 Gresk prosa og grammatikk (15 sp.)
  • GRE104 Gresk: Epikk og lyrikk (15 sp.)

3. semester (haust)

  • GRE103 Gresk: Attisk prosa (15 sp.)
  • GRE105 Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa (15 sp.)

Spesialisering i latin

1. semester (haust)

2. semester (vår)

  • LAT102 Latin: Prosa og grammatikk I (15 sp.)
  • LAT105 Latinsk prosa og grammatikk II (15 sp.)

3. semester (haust)

  • LAT104 Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid (15 sp.)
  • LAT107 Middelalderlatin (15 sp.)

For begge spesialiseringar

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp. til saman)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%25C3%25A5-utveksling

Les meir om utveksling her.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, mappevurdering, heimeeksamen, og rettleidd oppgåve. For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det verte nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Det å studere klassiske språk er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Grunnleggjande kjennskap til gresk og latin vil dessutan vere ein nyttig bakgrunn i alle fag som gjer bruk av greske eller latinske tekstar, t.d. historie, litteraturvitskap, allmenn språkvitskap, kunsthistorie og filosofi. Ein meir inngåande kjennskap til gresk og latin vil sette ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken og mellomalderen.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hfTa gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00