Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Media Futures

Typ' prototyp

Vil du ha alle dine monitorar og skjermar med deg inni brillene? Studentar på bachelorstudiet i medie- og interaksjonsdesign utviklar prototypar som mediefolk vil få god bruk for.

Media Futures Holosuite VR briller
Ved hjelp av AR-brillene Holosuite kan ein sjå og redigere på alle skjermane som ein vanlegvis brukar utan å ha skjermane fysisk med seg.
Foto/ill.:
Skjermdump Audun Guldbrandsen

Hovedinnhold

– Vi seier berre køyr på! Vi er ivrige etter å sjå kva studentane får til, og vi legg ingen føringar. 

Det seier Matias Høibraaten i medieteknologiselskapet Vimond. 

Heile studioet i ei brille

Studentane fekk frie tøylar då dei som ein del av bachelorstudiet i medie- og interaksjonsdesign fekk i oppdrag å kome opp med idear for klyngenaboen Vimond på Media City Bergen. Resultatet var to prototypar på verktøy som kan forenkle arbeidet til journalistar og mediefolk. 

Prototypen «Holosuite» brukar AR- briller (Augmented Reality- briller) til å flytte med seg heile redigeringsrommet ditt dit du måtte vere. Journalisten kan sitte og redigere video på ein liten laptop på hotellrommet, men med desse brillene så kan han sjå heile sitt faste oppsett av monitorar og redigere som vanleg. 

Den andre prototypen, «MAI», gjer automatisk tale om til tekst når ein har filma eit intervju. Ut kjem eit manus som er delt inn i dialog, og programmet koplar ulike stemmer til ansikt. Programmet kan også brukast til logging og automatisk teksting, og det vil kunne lette redigeringsarbeidet. 

Hang rundt hos mediebedriftene

– Oppdraget vårt var å finne ut korleis arbeidskvardagen til medieprodusentar kunne effektiviserast ved hjelp av kunstig intelligens. Vi brynte oss på «interaksjonsdesignmetoden» ved å henge rundt hos til dømes TV2 for å finne ut kva som var tidskrevjande for dei. Brukarane måtte vere inkluderte i prosessen. Dette var ikkje noko som vi kokte opp heilt aleine, men noko som vi kom fram til i samarbeid med journalistane. 

Det fortel Kamilla Emilie Davidsen, som er ein av studentane bak prototypane. 

Kunstig intelligens i media

Studentane stiller ut prototypane sine på Christiekonferansen der temaet i år er kunstig intelligens. Her blir det drøfta kva rolle robotane vil spele i arbeidslivet i framtida, og prototypane som studentane har laga er gode døme på nettopp dette. 

– Det geniale med å ta inn studentane er at vi får heilt friske idear. Dei er dedikerte til å drive med innovasjon, og til å sjå på korleis mellom anna kunstig intelligens kan hjelpe mediebedrifter, seier Høibraaten.  
 

Tilknyttet innhold