Blir barn høyrde i barnevernet?
– Manglande medverking frå barn er ei av dei største utfordringane i det norske barnevernet, seier Marit Skivenes. Skivenes får 12 millionar frå Forskningsrådet til å granske korleis barn blir høyrde i barnevernet.
Hovedinnhold
– Manglande medverking frå barn er ei av dei største utfordringane i det norske barnevernet. Det er veldig gledeleg at vi får finansiering til dette prosjektet som kan ta arbeidet med å inkludere barn eit stort steg framover.
Det seier professor Marit Skivenes etter at Norges Forskningsråd i dag offentleggjorde at dei vil finansiere prosjektet «Barns rett til medvirkning» med 12 millionar kroner.
Korleis blir medverking praktisert
Prosjektet skal sjå på korleis barn blir involverte og høyrde i barnevernet. Kva er praksisen i dag, kva kan gjerast betre, og kva nye verktøy kan ein bruke for å sikre barn si medverking? Prosjektet vil granske korleis barn si medverking blir praktisert både i kommunane, fylkesnemndene og i domstolane.
Marit Skivenes er anerkjend som leiande innan internasjonal barnevernsforsking, og ho har publisert i velrenommerte tidsskrift. Ho er også ein populær foredragshaldar og mykje brukt som ekspert av media. Skivenes leier Centre for Research on Discretion and Paternalism, og er Principal Investigator for fleire internasjonale forskingsprosjekt.