Hjem
Studentsider
bilateral

School of Oriental and African Studies (SOAS), University of London og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til LLM-studier ved SOAS må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

NB! Det er berre mogeleg å starta LLM-studier ved SOAS i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Universitetet har fleire gratis kurs i akademisk engelsk for internasjonale studentar. Les meir om tilbodet "In-sessional Academic English Support" på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden er på 180 credits, strekk seg over tre semester (12 måneder) og tilsvarar 90 studiepoeng. Ein har to semester med fag, før ein skriv ei stor oppgåve ("dissertation") i løpet av sommaren. Fordi ein skriv ei lengre oppgåve ("dissertation") kan ein søke om godskriving av masteroppgåva etter opphaldet ved SOAS. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne.

Ein kan velge mellom ein generell LLM der ein vel fritt mellom alle "full-modules" og "half-modules" (fag som varer to semester, og fag som varer eitt semester), eller ein av 12 ulike spesialiseringar. SOAS tilbyr ein del spesialiseringar som skil seg litt ut frå det ein finn ved dei andre universiteta fakultetet har LLM-avtaler med, slik som til dømes Chinese Law, Islamic Law og Law and Gender. Dei har også meir "vanlege" spesialiseringar som International Law og Energy Law. Competition Law, European Law, Intellectual Property & Information Law, International Financial Law, International Business Law eller International Tax.

nettsida til SOAS finn du oversikt over alle dei ulike LLM-spesialiseringane som blir tilbydde.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

Skolepengane for LLM for studieåret 2024/2025 er på 15 130 GBP. Medan norske studentar normalt må betale "Overseas students fees", sikrar avtalen at UiB-studentar som reiser gjennom denne avtalen betalar same beløp som UK-studentar.

Lånekassen gjev støtte til å betale skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Studentrapportar

Informasjon