Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Torino og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByTorino
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar. Det er eit krav at søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er italiensk og engelsk. For studentar som skal følge undervisning på italiensk, er italienskkunnskapar på B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) anbefalt.

Dersom du ikkje har gode nok språkkunnskapar i italiensk, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nyee av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Instituttet tilbyr emne innan sosialantropologi og sosiologi, men ein kan og ta emne innan andre samfunnsfag.

Ei oversikt over kva emne du kan ta finn du på universitetet sine nettsider.

Studentrapportar

Informasjon