Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Urbino Carlo Bo og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByUrbino
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur når dei er på utveksling. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i italiensk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia, og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

by
Foto/ill.:
© Università degli Studi di Urbino/Carlo Bo

Informasjon