Hjem
Studentsider
erasmus+

Universiteit Utrecht og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByUtrecht
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Du kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Normalt passar det best å reise på utveksling mellom tredje og sjette semester av studiet.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Masteremne med engelsk undervisningsspråk har opptakskrav, og er ofte fulle. Universitetet krev dokumentasjon på B2-nivå (CEFR) i engelsk for bachelorstudentar og C1-nivå for masterstudentar.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Avtalen høyrer til Faculty of Social and Behavioural Sciences. Du kan velje emne innan Cultural Anthropology, Educational Sciences, Psychology og Sociology, samt fleire tverrfaglege emne. På denne nettsida finn du oversikt over emna du kan søke på. I tillegg er det mogleg å søke om å få ta emne ved andre fakultet. FSBS driv blokkundervisning der eit akademisk år har 4 blokkar. Kvar blokk består av 2 emne på 7,5 ECTS.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universiteit Utrecht/Pieter van Dorp van Vliet

Informasjon