Hjem
Studentsider
bilateral

Ivane Javakhishvili Tbilisi State University og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (BILATERAL)

  • LandGeorgia
  • ByTbilisi
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar.

Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. og/eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar, men må ha en bekreftelse frå UiB om språknivå. Kravet er B2.

Kva emne kan eg ta

TSU har eit breitt fagtilbod på engelsk.

Studieavgift

TSU krev ikkje studieavgift av studentar som deltek i utvekslingsprogrammet. Ein skal vere semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB når ein er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ivane Javakhishvili Tbilisi State University (TSU) vart grunnlagt på byrjinga av 1900-tallet og er det første georgiske universitetet og den første høgare utdanningsinstitusjonen i Sør-Kaukasus. Det er det største universitetet i Georgia med over 24 000 studentar. TSU tilbyr bachelor-, master- og ph.d.-studiar innan dei fleste fagfelt. TSU har alltid hatt ein historisk misjon om å støtte utviklinga av eit demokratisk samfunn, å fremje venskapelege relasjonar med det internasjonale samfunnet gjennom studentane sin produksjon og gjennom internasjonalt utdannings- og vitskapeleg samarbeid.

TSU er aktivt medlem av fleire prestisjetunge internasjonale nettverk: European University Association, Black Sea University Network og Agence Universitaire de la Francophonie. TSU har nære vitskapelege og pedagogiske kontaktar med over hundre universitet og sentre over heile verda. TSU samarbeider med ei rekke internasjonale organisasjonar, mellom anna British Council, FP7, EACEA og CERN.

Tbilisi er hovudstaden i Georgia, og er med sine 1,5 millionar innbyggarar også den største byen i landet. Byen vart grunnlagt i det femte århundret, og er rik på historie og fungerer som eit industrielt, sosialt og kulturelt sentrum for landet.

Bustad

Så langt det er mogleg, vil TSU forsøke å plassere studentane i bustader på campus. Når dette ikkje er mogleg, vil TSU gje utvekslingsstudentane alternative moglegheiter og hjelpe studentane i den grad det er nødvendig og mogleg. Studentane er sjølv ansvarlege for kost, losji og personlege utgifter.

Semesterinndeling

Haust: September - Januar

Vår: Mars – juni

Informasjon