Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Montpellier og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - CHARM-EU)

  • LandFrankrike
  • ByMontpellier
  • Studieplassar10
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

UiB er med i den europeiske universitetsalliansen CHARM-EU, som er finansiert gjennom Erasmus+-programmet. I tillegg til UiB er følgande universitet medlemmer alliansen: University of Barcelona, Trinity College Dublin, Utrecht University, University of Montpellier, Eötvös Loránd University Budapest, Åbo Akademi University, Julius-Maximilians University Würzburg og Ruhr West University of Applied Sciences. Les meir om alliansen her: Home | CHARM-EU

CHARM-EU-avtalen med University of Montpellier er open for alle UiB-studentar, bortsett frå medisin-studentar. Merk at ein del emne har krav til førehandskunnskapar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut i ditt studieprogram.

Språk

University of Montpellier tilbyr få emne på engelsk, så ein bør kunne fransk. For emne på bachelornivå er det eit krav at ein er på B2-nivå i fransk, for masternivå er det krav om C1.

Kva emne kan eg ta

CHARM-EU-avtalen med University of Montpellier er ikkje knytt til eit spesielt fagfelt, og så lenge ein er fagleg kvalifisert, kan ein velje blant emna som vert tilbode på bachelor- og masternivå.

Hugs at du må få ei fagleg førehandsgodkjenning frå instituttet/fakultetet ditt ved UiB, slik at du får utvekslingsopphaldet innpassa i graden din.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Montpellier er eit offentleg universitet i Montpellier, Frankrike. Universitetet har røter tilbake til 1220, då det medisinske fakultetet vart etablert, og er det eldste medisinske fakultetet i verda som framleis eksisterer. I 1289 vart universitetet formelt grunnlagt av pave Nikolas IV. Etter studentopprøret i 1968 vart universitetet omorganisert og delt inn i tre sjølvstendige universitet. I 2015 vart to av desse slått saman til Université de Montpellier, medan Université Paul Valéry held fram som eit eige universitet. Universitetet er medlem av Coimbragruppa av leiande europeiske universitet og har om lag 50 000 studentar.

Montpellier er ein livleg by i Sør-Frankrike, kjend for sitt rike kulturtilbod og vakre arkitektur. Byen har eit mildt middelhavsklima, noko som gjer det til ein populær destinasjon for både turistar og studentar. Montpellier er også heim til fleire historiske bygningar og moderne kunstsenter, som til dømes Musée Fabre. Byen er kjend for sitt pulserande studentmiljø, med fleire universitet og høgskular. Det er noko over 300 000 innbyggarar i Montpellier.

Bustad

Universitetet gjev råd om korleis ein kan finne bustad.

Semesterinndeling

Haustsemester: frå byrjinga av september til slutten av januar

Vårsemester: frå februar til slutten av juni

Flott bygg på campus
Foto/ill.:
© UM - David Richard

Informasjon