Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Wien og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByWien
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar. Det er eit krav at søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng før utreise.

Det er mogeleg å søke om å reise på utveksling for eitt semester (berre vår/sommar)

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. For studentar som skal følge undervisning på tysk, er tyskkunnskapar på B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) anbefalt.

Lærestaden tilbyr språkkurs til innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

Du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon