Institut national polytechnique de Toulouse og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)
- LandFrankrike
- ByToulouse
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelorprogrammet i petroleum- og prosessteknologi som har valt retninga prosessteknologi. Andre studentar på bachelornivå ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet kan søke dersom dei har tilfredsstillande fagbakgrunn for emna dei skal ta, men desse blir prioritert etter prosess-studentane.
Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for å reise på utveksling i sjette semester.
Språk
Undervisningsspråket er fransk.
Dersom du ikkje har gode nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.
Kva emne kan eg ta
Dersom du skal ta frie studiepoeng i bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Institut National Polytechnique de Toulouse (INPT) er hovudsetet for eit større nettverk av i alt seks eliteskular for ingeniørfag, eit tjuetals forskingslaboratorium og ein veterinærskule, som ligg i ulike byar i Frankrike. På campusen i Toulouse studerer rundt 4000 studentar.
Toulouse ligg i regionen Midi-Pyrénées, sør i Frankrike, midt mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Byen har litt i underkant av 1,3 millionar innbyggarar i storbyområdet, og er dermed den fjerde største byen i Frankrike. Toulouse har fått kallenamnet «den rosa byen» fordi dei fleste bygningane her er laga med ein lokal, rosafarga teglstein. Han er ògein viktig by for europeisk romfartsindustri.
Bustad
Det finst studentbustader nær campus, og INPT har reservert somme av desse for internasjonale studentar gjennom samarbeid med Université de Toulouse. Dei garanterer likevel ikkje plass. Informasjon om alternative bustadalternativ finst på instituttet sine nettsider. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d¿allocations familiales (CAF).
Semesterinndeling
September - januar og januar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.inp-toulouse.fr
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7534
- FagnavnTekniske fag