North Park University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)
- LandUSA
- ByChicago
- Studieplassar2
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Både bachelor- og mastergradsstudentar kan søke på denne avtalen. North Park University krev karaktersitt C eller høgare.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.
Språk
Undervisninga føregår på engelsk. Du må kunne dokumentere karakteren 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skule for å bli fritatt kravet om engelsktest.
Kva emne kan eg ta
Merk at læringsmiljøet ved North Park er kristent-konservativt, noko som blant anna dei som ønsker å studere politikk bør vere klar over. Dette inneber ikkje at studentar med andre politiske oppfatningar ikkje bør søke seg til North Park, men at ein bør vere førebudd på å møte lærarar og medelevar med andre politiske synspunkt enn dei som dominerer læringsmiljøet ved eit liberalt skandinavisk universitet.
North Park underviser i fag på Bachelor-nivå blant anna innanfor følgande fagområde:
African Studies, Biology, Chemistry, Computer Science, Communication Arts, English
French Studies, History, Mathematics, School of Music, Philosophy, Physics, Politics and Government
Psychology, Scandinavian Studies, Sociology, Spanish
Studieavgift
Kvart semester får UiB to friplassar ved North Park University. Det er også mogleg å sende betalande studentar.
Dei fleste studiestedar i USA krev at du har ein helseforsikring. Her kan du sjå informasjon om helseforsikring.
Visumavgifter til USA er normalt på 3-5000 NOK.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
North Park University ligg nord for sentrum av Chicago. Med forstadsbana tek det om lag ein halv time å reise til universitetet frå sentrum av byen. Nabolaget universitetet ligg i var tidlegare eit svensk nabolag, men har no fått innslag av langt fleire ulike etnisitetar, til dømes koreanarar. Likevel er restauranten "Tre Kronor", som ligg rett over gata for campus, framleis ein populær lunsjstad. Universitetet vart oppretta i 1891 av Evangelical Covenant Church, hovudsakleg støtta av svenske immigrantar. North Park er eitt av dei mange "skandinaviske", protestantiske liberal arts colleges i USA. Universitetet har i dag omlag 2 800 studentar. Som ved dei fleste andre amerikanske universitet finn ein alt ein treng av fasilitetar inne på campus: bustadar, førelesingssalar, kantiner, bibliotek, treningsfasilitetar osb. Det finst ei rekke sportslag på universitetet, både for dei som vil satse seriøst og for dei som berre vil mosjonere. Sidan dette er eit "skandinavisk" universitet, finst det sjøvsagt gode høve for deltaking innan både langrenn og fotball (soccer). Campusen til North Park ligg i ein relativt roleg del av Chicago. Likevel har dei sjøvsagt vakter på universitetsområdet. Desse vaktene er betjentar frå Chicago Police som har teke ekstrajobb ved North Park University. Det er i tillegg plassert "alarmstolpar" med jamne mellomrom på campus. Alle bustadane har i tillegg nokon som sit i inngangspartiet 24 timar i døgnet, blant anna for å passe på at ikkje uvedkomande kjem inn.
Chicago er ein av dei største byane i USA og har ei eit rikt kulturtilbod. Byen ligg like ved Lake Michigan. Langs innsjøen er det laga ei flott strand, med strandpromenade, som er veldig populær i sommarmånadane. I mange år vart Chicago sett på som ein utrygg by med mykje kriminalitet. Dette har endra seg mykje, og kriminaliteten i byen er, som i mange andre amerikanske byar, geografisk konsentrert. Det er framleis område sør for sentrum der ein ikkje bør ferdast.
Bustad
Bustadane ligg inne på sjølve campus. Det er både reine jentebustadar og blanda tilbod. Dei fleste romma er dobbeltrom, men det finst og nokre enkeltrom. Standarden er relativt enkel. Fellesareala inneheld opphaldsrom, lesesal, pc-stue og eit lite kjøkken. Kjøkkenfasilitetane er likevel relativt dårlege sidan det er obligatorisk med ein "meal-plan" der ein går ut frå at studentar et alle måltida i universitetet sine kantiner. Full kost og losji vil kome på til saman om lag NOK 40 000 for eit semester ($ 7700 for eit år). Søker ein om bustad på campus i god tid før semesterstart, er ein så godt som garantert å få plass. Det er også mogleg å finne bustad privat utanfor campus, men universitetet kan dessverre ikkje tilby så mykje hjelp til dette. Det er heller ikkje anbefalt å bu off-campus viss ein berre skal vere der i eitt semester. Det er nok ein god del enklare å finne ein bustad privat om ein skal vera ute eit heilt år. Ugifte par som ønsker å bu saman må leige seg privat bustad utanfor campus, av di dei ikkje kan bu saman i universitetet sine bustader. Det å bu på campus vert rekna som ein viktig del av opplevinga viss ein vel å studere ved North Park. Få studentar bur utanfor campus og mykje av den sosiale interaksjonen med andre studentar er knytt til livet på campus.
Semesterinndeling
Haustsemesteret startar vanlegvis rundt 25. august. Vårsemesteret startar rundt 10. januar.
Studentrapportar
2015
Haust 2014 - Lektorutdanning, master i framandspråk
01.09.2014 - 31.01.2015Førebuingar/praktiske tips
Maten i kantina er ikke alltid den beste eller sunneste. Jeg vil derfor anbefale å velge den minste måltidsplanen hvis du skal bo på campus, og heller kjøpe mat fra restaurantene i området. Fem minutter unna med bussen ligger også en stor dagligvarebutikk, så her går det også an å handle mat.
Jeg vil også anbefale å kjøpe et Ventra kort så fort som mulig. Disse kortene fungerer som et busskort og gir deg tilgang til så og si alt av kolektivtransport.
Undervisningsformer
Tenk videregående. Klasseromsundervisning i forhåldsvis små grupper (omtrent 20 studenter per klasse).
Eksamenene varer like lenge som en skoletime (1 time og 40 minutt). Men ikke bli skremt av dette. Det er veldig enkle prøver, så lenge du leser det du skal og møter opp i timene går det veldig bra. Du har også flere vurderingssituasjoner i løpet av semesteret. Jeg hadde tre prøver i alle fag, pluss oppgaver og fremføringer. Så hvis du har en dårlig dag på eksamensdagen er det ikke verdens undergang. Professorene er også veldig fleksible og forståelsesfulle, så hvis du trenger tilretteleging på noe som helst slags måte, er det bare å spørre.
Vurdering av emnetilbodet
Greit emnetilbud. Verdt å merke seg at det akademiske nivået er et hakk under UiB og norsk standard, så gjerne greit å velge fag på 3000 nivå.
Fagleg utbyte og språk
Jeg føler vel ikke at jeg hadde e veldig høyt faglig utbytte av det semesteret jeg var på North Park. i samtaler med andre norske utvikligselever sammenlignet vi ofte det faglige innholdet med videregående, heller enn universitetet. Generelt er det mer fokus på memorisering, enn på egen produksjon. Så lenge du gjør leksene dine og møter opp til undervisning, vil du nok få en grei karakter.
Universitetsområdet og byen
Selve campus er veldig koselig. Dt er ikke veldig mye som skjer i nærområdet, men det er noen få restauranter og noen små butikker rundt omkring. Det er også ikke lang vei å gå hverken til buss eller tog, og du kommer deg lett inn til Chicago. Det gode kollektivtransporttilbudet gjør det enkelt å komme seg rundt i byen og omegn.
Chicago er en fantastisk by som byr på alt du kunne ønske deg. Chicago har nydelig arkitektur, kunst i verdensklasse, teater og underholdning av alle slag, og mange gode sportslag, bare for å nevne noe av det byen har å by på.
Bustad
Campus boplassene er helt ok. Du kan velge å bo i enkeltrom, eller dele med en romkamerat. Det må sies at rommene kanskje er litt vel små for å dele.
Jeg må advare om at det er dårlig klimaanlegg i boligbyggningene. Det kan fort bli veldig varmt, eller veldig kaldt. Hvis du skal bo på campus i sommermånedene anbefaler jeg å kjøpe en vifte så fort som mulig.
Jeg vil også advare om at man på campus deler bad, kjøkken, vaskerom, og fellesrom med ungdommer som kanskje aldri har bodd hjemmefra. Du kan derfor oppleve at hygienen ikke er på det høyeste.
Det er ganske strenge regler du mø føye deg etter hvis du bor på campus. Jeg vil anbefale deg å sette deg inn i disse, da brudd på reglene kan føre til bot, utvisning, eller gå ut over karakteree dine (!). Det kan være litt sjokk for systemet og måtte følge disse reglene hvis du er blitt vant til å bo for deg selv og ha kontroll over ditt eget liv.
Sosialt miljø
Alle jeg møtte var veldig hyggelige. Det er lett å bli kjent med folk, og hvis du er interesert i å være sosialt aktiv er det flere klubber du kan bli med i.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.northpark.edu/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7164
- FagnavnAlle fag