Hjem
Studentsider
bilateral

The University of Waikato og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandNew Zealand
  • ByHamilton
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. UoW har krav om eit karaktersnitt på C eller betre for å gi opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av UoW.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

UoW er eit tospråkleg engelsk-/mäori-universitet, men det meste av undervisningstilbodet er på engelsk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar dersom dei kan vise til karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande skole. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten finne informasjon på nettsidene til UoW om kva dokumentasjon for språkkunnskapar universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

University of Waikato er eit breiddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde, med enkelte unnatak. Det er også mogleg å byte ut eitt av dei ordinære emna med praksis. Waikato ordnar då med praksisplass.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Waikato som inneber at vi kan få friplassar (plassar utan studieavgift) dersom dei sender studentar til oss. Dersom ein ikkje får friplass, må ein betale studieavgift. I 2022 låg studieavgifta på NZ$13 125 per semester. Som UiB-student får ein 10% rabatt. Sjekk på Lånekassen sine nettsider kor høgt skulepengebeløp du kan få støtte til.

I tillegg er ein pålagt å kjøpe Waikato si forsikring. Les om kva denne beløper seg til på Waikato sine nettsider (søk opp 'Studentsafe').

Ved søknadsfristen 1. februar 2025 har UiB to semesters friplassar ved Waikato.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
The University of Waikato

Informasjon