Hjem
Studentsider
erasmus+

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og Institutt for biovitenskap (BIO) (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHeidelberg
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor-, master- og phd-studentar ved Institutt for biovitenskap. Du må ha bestått minst 60 studiepoeng før du søker på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Vi anbefaler at du tar valemne på utveksling, og at du dermed drar på utveksling når du har valfrie emne i studieløpet ditt.

Merk at perioden for haustsemesteret er oktober-februar, og for vårsemesteret mars-august. Dermed anbefaler vi at du ikkje reiser på utveksling på haustsemesteret, med mindre dette er det siste semesteret i graden din. Dersom du skal søke opptak på masterprogram som startar påfølgjande semester, bør du også sjekke fristar for når du må sende inn karakterutskriftar og dokumentasjon på oppnådd grad, med tanke på når eksamensperioden er ved vertsuniversitetet for utvekslingsopphaldet ditt.

Språk

Universitetet har eit godt emnetilbod på engelsk på ulike nivå. Dei har også emne som blir undervist på tysk, og delvis på engelsk/delvis på tysk.

Det finst tyskkurs for utvekslingsstudentar som vil friske opp tyskkunnskapane; både eit intensivt 4-vekers kurs før semesterstart og kurs gjennom semesteret. Ein får studiepoeng (ECTS) for alle tyskkurs.

Kva emne kan eg ta

Vi anbefaler at du tar valemne på utveksling, då det kan vere utfordrande å finne emne som kan erstatte obligatoriske emne i graden din.

Du kan velje fritt mellom emne innanfor biologi og molekylærbiologi.

Oppdatert informasjon om emna blir publisert eit par månader før semesterstart. Her finn du informasjon om emne du kan ta:

  • Generell emnekatalog
  • Merk: Ein del emne står ikkje i den generelle emnekatalogen, men på nettsidene til dei ulike institutta. Sjå oversikt over fakultet og institutt. Informasjon om desse emna blir også publisert i ein liten brosjyre, "kommentiertes Vorlesungsverzeichnis", som du kan kjøpe eit par veker før semesterstart hos dei ulike institutta.
  • Merk: I emnebeskrivingane vil det som regel også vere informasjon dersom ein skal melde seg til eit emne ved å sende epost til undervisaren, eller skrive seg på ei fysisk liste.

Nyttige nettsider:

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Heidelberg

Informasjon