Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat de Barcelona og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByBarcelona
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar. Det er eit krav at søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Språk

Undervisninga føregår på spansk eller katalansk, og ein må vere på høvesvis B2- eller B1-nivå i desse språka, og levere dokumentasjon på dette som del av søknaden.

Dersom du ikkje har kunnskapar i spansk eller katalansk, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser på avtalen må ta minst 51% av studiepoenga (ECTS) sine ved Fakultet for geografi og historie. Det er òg mogleg å ta studiepoeng ved andre fakultet ved Universitetet i Barcelona etter godkjenning frå det aktuelle fakultetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon