Hjem
Studentsider
bilateral

University of Cape Town og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Afrika
  • ByRondebosch
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. Avtalen er likevel ikkje aktuell for studentar ved Det juridiske fakultet. Dei seinare åra har særleg mange studentar frå Det samfunnsvitskaplege fakultet, Det psykologiske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet søkt seg til UCT.

Utveksling til UCT er tilrådd for studentar på bachelorprogram for meteorologi og oseanografi. Dette universitetet har eit aktivt forskingsmiljø innanfor desse fagretningane og dei tilbyr relevante og interessante emne som vil passe godt i graden.

Ver merksam på at UCT den seinare tid har vist seg å ha strenge krav til forkunnskapar når UiB-studentar har søkt om emneoptak. Det har vist seg spesielt vanskeleg å ta emne på masternivået. Avtalen passar derfor best for dei som kan ta frie studiepoeng og ikkje så godt for dei som ønkjer å innpasse UCT emner i UiB-graden.
Vi tilrår ikkje å søke til UCT dersom ein ønskjer opptak til emner ved The Faculty of Engineering and Built Environment ettersom dette fakultet ikkje følger samme reglar for vekting av emner som resten av universitetet.

UCT har eit krav om B eller betre i karaktersnitt for å gi opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med karakteren 5 eller betre i engelsk frå videregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av UCT. Det er i utgangspunktet også krav om at ein må ha tatt 60 studiepoeng på tidspunktet søknaden blir sendt inn (semesteret før utvekslinga byrjar).

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar, dersom dei kan vise til karakteren 5 eller betre i engelsk frå videregåande skole. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten ta ein engelsktest.

Kva emne kan eg ta

UCT er eit breiddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har per i dag berre betalingsplassar ved UCT. Studieavgifta for 2024 er USD 7 800. Utvekslingsstudentar må først legge ut for studieavgift til UCT av eigne midlar i påvente av støtte frå Lånekassa.

Lånekassa gir (2023) ein ekstra støtte på 2675 kr i månaden til norske studentar som drar på utveksling til Sør-Afrika.

Studentrapportar

Campus ved fjell
Foto/ill.:
© University of Cape Town

Informasjon