Hjem
Studentsider
bilateral

Waseda University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByTokyo
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen først og fremst meint for studentar som studerer japansk. Andre kan søke, men vert prioritert etter japanskstudentar ved tildeling av plassar. Waseda krev at søkarar har eit snitt på C eller betre.

Denne avtalen vert normalt berre lyst ut ved fristen 25. august.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren din for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

Universitetet tilbyr kurs både på japansk og engelsk. Dersom ein skal ta fag på engelsk, kan det hende ein må ta ein engelsktest (IELTS eller TOEFL) for å dokumentere sine engelskkunnskapar.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Universitetet tilbyr Japanese Language Program som i hovudsak er eit språkkurs, men som òg inkluderer temaførelesingar om japansk samfunn, kultur, litteratur, historie, livsstil og lingvistikk. Programmet har fininndelte nivå i japansk.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

I tillegg tilbyr universitetet fleire engelskspråklege emne. Dei fleste engelskspråklige emna er samla på School of International Liberal Studies (SILS) og omfattar emne om japanske og asiatiske kulturelle, politiske og økonomiske forhold. Utvekslingsstudentar kan ta ein kombinasjon av språkemne og ordinære engelskspråklige emne. Dersom ein har tilstrekkelege språkkunnskapar kan ein i tillegg òg følge ordinære emne på japansk.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Waseda University som inneber at vi kan få eit visst antal friplassar kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Waseda University

Informasjon