Hjem
Studentsider
bilateral

Dalhousie University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandCanada
  • ByHalifax
  • Studieplassar4
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til studier ved Dalhouise University må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre og alle emne til og med 3. studieår må vere fullførte.

Det er kun mogleg å søke utveksling gjennom avtalen med Dalhousie University ved fristen i vårsemesteret (1. februar). Dette gjeld og om du vil utveksle berre i vårsemesteret i det påfølgande studieåret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Sudieåret 2024/2025: Utvekslar du til dette universitetet tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du til dette universitetet tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp). Det er også mogleg å skrive ei oppgåve som kan godkjennast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap, slik at semesteret i staden kan godkjennast som spesialemne (10 sp) og masteroppgåve (20 sp).

Dalhousie tilbyr langt over 100 ulike juridiske "optional courses", men ver obs på at ikkje alle emna som vert lista opp blir underviste kvart år.

Dalhousie er særleg sterke innan sjørett, miljørett og helserett, og du finn eit særleg godt utval av emne innan desse rettsområda.

Du tek fag saman med canadiske studentar som er tekne opp på Dalhousie sitt treårige JD-program (juridisk grad). 15 credits tilsvarar 30 studiepoeng, og Det juridiske fakultet ved UiB krev at alle studentar skal ta 15 credits pr semester.

denne nettsida finn du oversikt over emna du kan velje blant ved Dalhousie University.

Ein kan få godkjent masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. Det er mogleg å oppnå dette gjennom å ta emnet Directed research paper. Dette emnet må ein søke Dalhousie University særskilt om å få lov til å ta. For at semesteret skal godkjennast som masteroppgåve (20 sp) + spesialemne (10 sp) må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein skal difor fullføre totalt 15 credits også når ein vel Directed research paper som eitt av emna..

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtala betaler ikkje skolepengar ved vertsuniversitetet.

Ein må likevel betale nokre avgifter og Dalhousies obligatoriske helseforsikring. Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht. instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Ein skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Schulich School of Law: International Exchange Program

Produsent:
Schulich School of Law

Studentrapportar

Informasjon