Hjem
Studentsider
bilateral

University of Dundee og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDundee
  • Studieplassar10
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisera til studier ved University of Dundee må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emne til og med 3. studieår.

For å få opptak tidleg nok til at du får innvilga visum i tide til studiestart, bør du avlegge eksamen til ordinær eksamen. Dersom nokre av eksamenane dine blir avlagt ved kontinuasjonseksamen i august, vil ikkje resultata koma tidsnok til at du får opptak og kan søke visum i tide til studiestart.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ved University of Dundee kan ein byrje på LLM-programmet både i haustsemesteret og i vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden er på 180 credits, strekk seg over tre semester (12 måneder) og tilsvarar 90 studiepoeng. Ein har to semester med fag, før ein skriv ei stor oppgåve ("dissertation") i løpet av sommaren. Fordi ein skriv ei lengre oppgåve ("dissertation") kan ein søke om godskriving av masteroppgåva etter opphaldet ved University of Dundee. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne.

I Dundee tilbys ulike spesialiseringar, sjå opplysningar under overskrifta "Postgraduate LLM courses" her.

I tillegg har Dundee to LLM-program som tilbys i samarbeid med franske universitet. Då oppheld ein seg i Dundee det første semesteret medan ein er i Frankrike det andre semesteret, før ein til sist dreg tilbake til Dundee for å skrive oppgåve. Undervisninga føregår på engelsk i Frankrike óg. Dei to LLM-programma som delvis tas i Frankrike er: International Commercial Law som tilbys i samarbeid med universitetet i Cergy-Pontoise (utanfor Paris) og Comparative and European Private International Law i samarbeid med eit universitet i Toulouse. Det siste har studiestart i vårsemesteret, og passar dermed ikkje så godt med utdanningsplanen til studentar frå Bergen.

Du kan lese meir om dei ulike LLM-programma på nettsidene til School of Law.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

For studieåret 2024/2025 er ordinære skulepengar vanlegvis på 21 900 GBP for LLM studia.

Studentar frå Bergen er vanlegvis kvalifiserte for 5 000 GBP i skulepengerabatt ("Global Excellence Scholarship"). Dersom det skulle vise seg at ein student ikkje er kvalifisert til Global Excellence Scholarship, vil ein i staden få 4 000 GBP i skulepengerabatt ("Partnership Scholarship"). Storleiken på desse stipenda blir fastsette år for år, og beløpa som står her gjeld for studieåret 2024/2025.

Lånekassen gjev støtte til å betale skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

University of Dundee | Student Life | City campus guided tour

Produsent:
University of Dundee
1/2

LLM - Studying for an LLM at the University of Dundee Law School

Produsent:
University of Dundee
2/2

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Dundee

Informasjon