Hjem
Studentsider
bilateral

King's College London og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar10
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til studier ved King's må du ha eit karaktersnitt på rein B eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

NB! Det er berre mogleg å starta LLM-studier ved King's College London i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule, og som har norsk statsborgarskap, treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden er på 180 credits, strekk seg over tre semester (12 måneder) og tilsvarar 90 studiepoeng. Ein har to semester med fag, før ein skriv ei stor oppgåve ("dissertation") i løpet av sommaren.

Ein kan velge mellom ein generell LLM der ein vel fritt mellom alle "full-modules" og "half-modules" (fag som varar to semester, og fag som varar eitt semester), eller ein av følgande spesialiseringar.

Fordi ein skriv ei lengre oppgåve ("dissertation") kan ein søke om godskriving av masteroppgåva etter opphaldet ved King's College London. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang og djupne.

denne nettsida finn du oversikt over LLM-emna som tilbys ved King's College London.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

For studieåret 2025/2026 er skulepengene på 22 750 GBP. Dette svarar til "home fees". Medan norske studentar normalt må betale dei langt høgare "international fees", sikrar avtalen at UiB-studentar som reiser gjennom denne betalar same beløp som UK-studentar.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar. King's College London er på Lånekassens liste over lærestader som kvalifiserer for utvida stipend studieåret 2024/2025. Det betyr at om ein utvekslar til King's College London blir ein større del av skolepengestøtten gjeve som stipend samanlikna med det som er vanleg.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© King's College

Informasjon