Hjem
Studentsider
bilateral

Hakuoh University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByOyama-shi
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk. Hakuoh krev at ein har C-snitt.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette.

Språk

Dei fleste emna universitetet tilbyr har japansk som undervisningsspråk, så det er ein fordel med gode japanskkunnskapar når ein skal studere ved Hakuoh University.

Kva emne kan eg ta

Hakuoh University passer best for studentar som kan følge med i klassar med japansk undervisningsspråk. Universitetet har tre fakultet: Faculty of Business Administration, Faculty of Law og Faculty of Education. Universitetet tilbyr kun eit fåtal emne på engelsk, der i blant emne innanfor Japanese Culture. Universitetet tilbyr ikkje språkkurs for nybyrjarar.

Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Hakuoh University som inneber at vi kan få inntil ein friplass kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.

Informasjon