Estonian Academy of Music and Theatre og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
- LandEstland
- ByTallinn
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor, Master og PhD
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
3. studieår. Vi tilrår at studentane reiser ut heile studieåret, altså både haust og vår.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Estonian Academy of Music and Theatre (EAMT) er eit offentleg universitet som spesialiserer seg på musikk og teater i Estland. Forgjengaren til universitetet, Tallinn Higher Music School, vart opna i 1919. Med om lag 700 studentar er dette det minste blant seks offentlege universitet og institusjonar for høgare utdanning i Estland, men kan likevel jamstillast internasjonalt med mellomstore musikk- og teaterakademi. Akademiet er delt inn i fire avdelingar der studentane kan spesialisere seg i alle hovudfelt innan musikk og teater på bachelor-, master- og doktorgradsnivå – i alt frå orgel til jazz og tradisjonell musikk.
Tallinn er hovudstad i Estland og ligg i den nordlege delen av landet. Tallinn fekk bystatus i 1248 og har blitt ein populær by for internasjonale studentar. Denne byen har om lag 400 000 innbyggarar og er rekna for å vere utdannings- og forskingssenteret i Estland. Gamlebyen i Tallin er på UNESCO si verdsarvsliste og er ein populær turistattraksjon.
Bustad
Utvekslingsstudentar ved EAMT kan søke om bustad hos Muusa Majutus, som ligg mindre enn 2 km frå campus. Det er eit avgrensa antall rom, så det er anbefalt å søke tidlig.
Semesterinndeling
august - januar
januar - juni
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ema.edu.ee/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8127
- FagnavnMusikk