Hjem
Studentsider
erasmus+

Charles University, Prague og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandTsjekkia
  • ByPraha
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan reise på utveksling i 6.semester, men det er òg mogeleg å reise ut tidlegare i studieløpet.

Språk

Det engelskspråklege emnetilbodet innan informatikk er rikhaldig.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Campus fra luften
Foto/ill.:
© Charles University

Informasjon