Hjem
Studentsider
erasmus+

Charles University, Prague og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandTsjekkia
  • ByPraha
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn på plassane før andre fagområde.

Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Det er mogeleg å søke for eitt semester eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar vil det normalt passe best å reise ut for eit semester i fjerde eller femte semester, men du kan og leggje til rette for utreise eit heilt år mellom tredje og sjette semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk og tsjekkisk. Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på engelsk har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Institusjonen tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er knytt til Faculty of Social Sciences. På denne nettsida finn ein informasjon om alle emna som har engelsk som undervisningsspråk. Innreisande studentar kan velje emne fritt, men må ta fleirtalet av sine emne ved det aktuelle fakultetet. Her finn du eit breitt tilbod av emne innan statsvitskap, internasjonal politikk, økonomi, sosiologi, kommunikasjon, media og journalistikk.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon