Hjem
Studentsider
erasmus+

ISCTE - Instituto Universitário de Lisboa og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandPortugal
  • ByLisboa
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i sosiologi har fortrinn på plassane. Studentar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde kan søkje dersom det er ledige plassar. Søkar må ha avlagd minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogleg å søke for eit semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Andre semester for masterstudentar. Merk at på haustsemesteret er eksamen i januar. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråk er portugisisk og engelsk. B1 nivå (CEFR) i portugisisk eller B2 i engelsk vert anbefalt. Institusjonen tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr emne innan sosiologi, men ein kan og ta emne innan andre samfunnsfag. Ein oversikt over praktisk informasjon og engelske emne finn ein her.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon