Hjem
Studentsider
bilateral

University of Minnesota og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandUSA
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studier ved University of Minnesota må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emne til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ein kan velje å utveksle i enten haustsemesteret eller i vårsemesteret, men University of Minnesota tilrår at ein vel haustsemesteret. Dette er fordi det er kun i haustsemesteret dei tilbyr innføringskurset Introduction to American Law, eit kurs som er nyttig å ha som grunnlag for dei andre emna ein skal ta, og som også gjer at ein blir godt kjend med dei andre utvekslingsstudentane ved Law School.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne eller masteroppgåve i mastergraden i rettsvitskap. Ved utveksling i eitt semester tek du fag saman med dei amerikanske studentane som går på "Law School" og du vel fag frå JD-programmet. 12 credits per semester tilsvarar 30 studiepoeng.

Emna ved University of Minnesota gir frå 2 til 4 credits, og talet på credits fortel deg og kor mange timar undervisning du vil ha i dette faget kvar veke. Emna blir underviste enten som "courses" eller som "seminars". Generelt kan ein seie at "courses" har eit breidt tema, mens "seminars" ser nærare på eit bestemt område innanfor eit større tema. Oftast er det slik at "courses" har skuleeksamen, mens ein i "seminars" skal skrive ei oppgåve. Det vanlege er å velge nokre "courses" og nokre "seminars" for å fordele arbeidsmengda utover semesteret. På denne nettsida finn du oversikt over emna ved Minnesota Law.

Dersom du skriv ei stor oppgåve under utvekslingsopphaldet, til dømes som del av eit "seminar", kan du søke fritak for masteroppgåve. (Merk at når ein er på utveksling i eitt semester kan ein søke godskriving for enten spesialemne eller masteroppgåve, ikkje begge delar.) Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Gjennom denne avtala treng ein ikkje betale skolepengar.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om forsikring
Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved vertsuniversitetet ditt finn du på nettsidene til vertsuniversitet ditt. Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Det siste året, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

Studentrapportar

Informasjon