Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Turku og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan reise på utveksling i 6.semester, men det er òg mogeleg å reise ut tidlegare i studieløpet.

Språk

Det engelskspråklege emnetilbodet innan informatikk og matematikker rikhaldig.

Kva emne kan eg ta

Faculty of Science and Engineering ved University of Turku har eit rikhaldig emnetilbod som er svært relevant for studentar på informatikk. Avtalen gjeld engelskspråkleg emne ved Department of Future Technologies og Department of Mathematics and Statistics.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som alene eller i kombinasjon kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Kontakt studierettleiar i god tid før avreise for å undersøke muligheitene for dette.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald

En liste over emner som tilbys på engelsk finner du her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon