Hjem
Studentsider
bilateral

Penn State Law og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandUSA
  • ByState College
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til LLM-studier ved Penn State Law må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

Inntil 5 studentar kan reise gjennom denne avtalen kvart år.

NB! Det er berre mogleg å starte på LLM-studier ved Penn State Law i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden ved Penn State er på 24 credits, strekk seg over to semester og tilsvarar 60 studiepoeng. Til forskjell frå LLM-gradar i Storbritannia som varar i 12 månader, er LLM-programmet ved Penn State Law kun to semester (10 månader). Målgruppa for LLM-programmet er utanlandske studentar som ønsker kunnskap om amerikansk rett. Ein tek fag saman med dei amerikanske studentane som går på "Law School".

Faga Introduction to the U.S. Legal System, LL.M. Legal Analysis, Writing and Research og ein "case analysis" frå eit av kursa ein tek, er obligatoriske i LLM-graden.

Ein kan velge mellom ein generell LLM der du vel fritt mellom alle fag som tilbys, eller ein av følgande spesialiseringar ("concentrations").

Ein kan få godskriving av masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve under opphaldet. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne. Det er muleg å skrive ei stor oppgåve som kan tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang gjennom å ta emnet "Independent Study", der du sjølv vel tema og sjølv finn rettleiar ved Penn State Law. Det er óg muleg å skrive ei oppgave gjennom å ta eit "Seminar Course" men i slike fag er oppgåva sjeldan så lang som 12 000 ord, slik at ein må derfor avklara særskild med kursansvarleg om det er greit at ein skrive litt lenger for at oppgåva skal kunne tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

denne nettsida finn du oversikt over LLM-emna som tilbys ved Penn State Law.

Du kan lese meir om LLM-programmet på denne nettsida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen betaler ein reduserte skolepengar. Skolepengar for 2024/2025 er ordinære LLM skolepengar ("tuition") på 56 928 USD. Bergensstudentar får 75 % rabatt på skulepengane og betaler dermed om lag 14 000 USD i skolepengar for heile LLM-programmet. Avgifter («fees») på om 6 28 USD kjem i tillegg til skolepengane.

Lånekassen gjev støtte til å dekke skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Det er òg mogeleg å reise på utveksling til Penn State Law for eitt semester (ikkje LLM).

Om forsikring

Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved Penn State University finn du på denne nettsida.

Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

Penn State Law LLM Experience

Produsent:
Penn State Law

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© The Pennsylvania State University

Informasjon