Hjem
Studentsider
bilateral

Kobe University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKobe-shi
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk. Søkarar frå andre fagområde blir vurdert dersom det er ledige plassar.

Kobe University vil som regel kreve at studentane har minimum karakteren C i snitt for å få opptak.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

For studentar på bachelorprogrammet i japansk er utvekslingsopphaldet lagt opp slik:

4. semester (vår, utreise i siste del av mars), 10 frie studiepoeng

5. semester (haust), 30 frie studiepoeng

6. semester (vår), 20 frie studiepoeng

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om utveksling og når det passar å reise ut.

Språk

Japansk og engelsk. Universitetet gir språkundervisning i japansk på fleire nivå.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar frå UiB får opptak ved Faculty of Global Human Sciences. Fakultetet tilbyr Japanese Language Courses på forskjellige nivå. I tillegg tilbyr universitetet fleire engelskspråklege emne.

Academic Calendar & Course List/Timetable - ¿¿¿¿¿¿¿¿¿¿¿GSP¿¿¿¿

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Kobe University som inneber at vi kan få inntil 2 friplassar kvart år, forutsett at dei òg sender studentar til oss.

Studentrapportar

Informasjon