Hjem
Studentsider
bilateral

University of the South Pacific og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandFiji
  • BySuva
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala er ope for alle bachelorstudentar ved UiB, men vil ha størst interesse for studentar som skal ta fag innan klima- og stillehavsstudiar, marine studiar, politikk, utvikling, samfunn og tradisjonar i stillehavsområdet.

Studentar skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise og det er krav om eit karaktersnitt på C eller noko lågare.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar vil det normalt passe best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og femte semester. Informasjon om dette vil ein kunne finne i studieplanen, eller ein kan ta ein prat med studierettleiar.

Språk

All undervisning føregår på engelsk. Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar, dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande.

Kva emne kan eg ta

USP har eit breitt fagtilbod, men vil vere ekstra aktuelt for studentar som er interessert i klimafag, marine studiar, politikk og utvikling, og stillehavsstudiar. Generelt har USPs fagtilbod høg grad av tverrfaglegheit. Dersom minst tre UiB-studentar reiser til USP vert det arrangert eit obligatorisk og intensivt introduksjonskurs ved semesterstart. Dette inneber mellom anna landsbybesøk, omvising og førelesingar som vil gje kunnskap om Fiji-regionens historie, språk og kultur.

Studiepoenga ved USP korresponderer med ECTS-systemet. Det vil seie at ein må ta utgangspunkt i at ein skal ta 30 USP-credits per semester.

Studieavgift

Ein skal vere semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB når ein er på utveksling. Per 2023 er studieavgifta ved USP på om lag 9 000 FJD per semester. Lånekassa kan gje skulepengestøtte ved utveksling til dette universitetet.

Studentrapportar

Skilt på campus
Foto/ill.:
© Edvard Hviding

Informasjon