Hjem
Det humanistiske fakultet

Kvile- og ammerom på Sydneshaugen skole

Kvile- og ammerommet er tilgjengeleg for studentar og tilsette ved Det humanistiske fakultet.

Tosetar sofa og lenestol
Kvile - og ammerommet ligg lett tilgjengeleg på Sydneshaugen skole. Her kan ein amme og skifte bleie i stille og rolige omgivnader.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Det humanistiske fakultet har eit kvile- og ammerom på Sydneshaugen skole, tilrettelagt for dei som ønsker eit roleg og skjerma område, dedikert til amming og kvile. Rommet er tilgjengeleg for alle studentar og tilsette.

Rommet inneheld ein god sofa, ein lenestol med armlener, eit bord og ein vask. Rommet har også stellefasilitetar for baby med eige stellebord.

Rommet finn du på Sydneshaugen skole, inngang C, første etasje. Ta til venstre ved inngangsdøra, kvile- og ammerommet er det første rommet til høgre i gangen. Romnummeret er 128. Bruk studentkortet/tilsettkortet ditt for tilgang til rommet.

Rommet kan ikkje reserverast.

Vask og sofa

Rommet har ein vask tilgjengeleg.

Foto/ill.:
UIB
 

Stellebord

På rommet står det også eit stellebord.

Foto/ill.:
UiB