Arven etter Aasen komplett på nett
Norsk Ordbok, ei skikkeleg gullgruve av ei ordbok, finst no i ei komplett nettbasert utgåve, frå a til å. I tillegg er nytt materiale publisert for første gong sidan Universitetet i Bergen overtok ordboka i 2016.
Hovedinnhold
Dei fleste av oss slår opp i ordbøker når vi treng hjelp med å stave eit ord eller bøye eit verb, men ei ordbok kan vere så mykje meir enn ei rettskrivingsordbok. Norsk Ordbok er noko så unikt som ei dialektordbok og historisk ordbok i eitt, og no i mai finn du heile verket på nett, i første omgang som betaversjon.
– Norsk Ordbok inneheld i prinsippet all mogleg informasjon om ord som har eksistert i det nynorske skriftspråket, og viser orda slik dei er i bruk i dag, og slik dei har vore brukt tidlegare. Ho viser altså utviklinga av skriftspråket over tid. I tillegg dokumenterer ho norsk talemål – dialektane våre – seier språkforskar og ordbokredaktør, Gyri Smørdal Losnegaard.
– Om du lurar du på korleis ein uttalar ordet mjølk ulike stader i landet, finn du at ein seier mjalk på Hægebostad, mjøkk i Seljord og milk på Finnøy.
I ordboka står også betydninga av orda, nye og gamle uttrykk, ordsamansetjingar, bruksmåte, tidsfesting og geografisk lokalisering. Boka inneheld dessutan ei stor mengde litterære sitat som viser orda i bruk i den nynorske litteraturen.
Søkbar frå a til å
Universitetet i Bergen overtok arbeidet med Norsk Ordbok frå Universitetet i Oslo i 2016. Då var papirutgåva i 12 bind endeleg ferdigstilt. Det UiO-styrte prosjektet hadde i tillegg revidert ordbokartiklane med forbokstavar frå i til å, digitalisert dei, og gjort dei søkbare på den gamle visningssida no2014.uib.no.
– Fram til no har vi i praksis berre har hatt ei halv nettordbok, fortel Losnegaard.
Losnegaard leier ordbokprosjektet ved UiB, kalla Ordbok a-h (NO-AH), og har i samarbeid med Høgskulen i Volda digitalisert den resterande delen av ordboka.
– Ordbokartiklane som vi no har digitalisert og lagt ut på nett er alfabetstrekket a til h. Den delen har til no berre vore tilgjengeleg i bokform og var første gong gitt ut på papir i 1950 – altså for over 70 år sidan.
– Desse artiklane er ikkje oppdatert enno, så det som ligg på nettet er ei blanding av nytt materiale og gamalt, urevidert, materiale. Men vi er godt i gang med å innhaldsrevidere også denne delen av ordboka, og har til dags dato kome til ala. Orda frå a til ala er såleis heilt nyreviderte, og materialet er publisert for første gong.
Byggjer på arbeidet til Aasen
Norsk Ordbok har meir enn 330 000 oppslagsord og er det største ordbok-verket for norsk. Ho byggjer på mange måtar på arbeidet til Ivar Aasen som reiste rundt i landet, samla inn og systematiserte dialektane våre, og på den måten la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det var Aasen som stod bak den først utgåva av ordboka som kom ut i 1873, medan arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag starta på 1930-talet.
– Norsk Ordbok byggjer på innsamla kjeldemateriale. Det viktigaste prinsippet for å vere med i ordboka, er at ordet er dokumentert i skrift eller tale, fortel Losnegaard.
– Før sat det informantar rundt omkring i heile landet, gjerne embetsfolk, som sende inn nye ord til boka, ord dei kunne dokumentere var i bruk i lokalsamfunnet eller i litterære kjelder. Dei registrerte orda på eigne setlar og sende inn, og desse har vi fleire millionar av i arkiva våre.
I dag finst det i følgje Losnegaard mange entusiastar rundt i Noreg som kartlegg dialekta si og lagar eigne ordsamlingar. Redaksjonen mottek stadig slike, og legg dei til som kjeldegrunnlag for ordboka.
Ordboka inn i framtida
Arbeid med ordbøker tek aldri slutt. Nye ord og uttrykk kjem til, og både uttale og betydninga av ord kan endre seg gjennom tidene. Ein del eldre fenomen vert også sett gjennom nye briller, og har behov for ein revisjon. Alt dette blir enklare no når alt ligg på nett.
– Når innhaldet frå a til h har blitt digitalisert og oppdatert, kan vi oppdatere ordbokartiklar fortløpande etterkvart som endringar kjem til. Det finst dessutan mange moglegheiter i det digitale formatet som vi kan utnytte vidare, seier Losnegaard.
Til neste år håpar dei å få opp og gå ei ny nettside med fleire nye funksjonar, slik at ordboka blir så god som mogleg.
– Vi satsar blant anna på å utbetre søkefunksjonane, slik at ein kan gjere meir avanserte søk. Brukargrensesnittet skal også bli meir moderne. Vi har òg tenkt å høyre med brukarane om kva behov dei har.
Ikkje berre for språknerdar
Losnegaard vedgår at ordboka først og fremst er for språknerdar og spesielt interesserte.
– Ho er nok mest for avanserte språkbrukarar som studentar, forskarar og lærarar i skulen. Samstundes veit vi jo at nordmenn generelt har ei stor interesse for språk, både for dialektane våre og for skriftspråket, men òg for etymologien, altså orda sitt opphav og historie. Vi trur difor at boka har ei ganske stor målgruppe, og no når heile verket er tilgjengeleg på nettet, vert ho også mykje enklare å bruke, seier Losnegaard.
Ordbokredaktøren har til dømes fått tilbakemeldingar frå forfattarar og omsetjarar av bøker om at ordboka er nyttig i deira arbeid.
– Eg snakka med ei som hadde utruleg nytte av ordboka i arbeidet med omsetjing av ein roman då ho trengte for å finne ord og uttrykk knytt til ver, verfenomen og kystkultur, som sjø og fiske. Når ein skal skrive om eit spesifikt emne eller felt, kan Norsk Ordbok vere ei gullgruve.