Hjem
UiB Bærekraft
Sykkeldagen ved UiB

Sykkelverkstad ved Studentsenteret

På den årlege sykkeldagen ved UiB torsdag 4. mai, vert det gratis sykkelverkstad, samt utdeling av gratis bollar og kaffe, ved Studentsenteret.

Illustrasjonsbilde av sykkelverksted ved UiB.
Også i år kan du få gratis service på sykkelen din som del av UiB sin sykkeldag, i samarbeid med Bergen Live og Miljøløftet. Møt opp ved Studentsenteret 4. mai.
Foto/ill.:
Ole M. Kvamme, UiB

Hovedinnhold

I samarbeid med Bergen Live og Miljøløftet set UiB opp sykkelverkstad ved Studentsenteret, torsdag 4. mai klokka 11-15. Her blir det også utdeling av gratis bollar og kaffe.

Når du finn sykkelen fram igjen etter ein lang vinter, kan det vere behov for å justere bremser og gir, eller kanskje treng kjedet smøring? Møt opp utanfor Studentsenteret - og få gratis hjelp av proffe sykkelreparatørar. Tilbodet gjeld enkel service, ikkje større reparasjonar.

Sykkeldagen markerer også at den nasjonale aktivitetskampanjen Sykle til jobben er i gang. Her kan man delta individuelt eller på lag - og vere med i trekninga av små og store premiar. Sykle til jobben varer i seks veker, frå 3. mai til 16. juni.

Sykkelvenleg universitet

Som del av satsinga Klimanøytralt UiB jobbar universitetet med å legge betre til rette for syklistar på universitetsområdet.  Med nær 20.000 studentar og 4000 ansatte, vil tiltak som fremmar miljøvenlege reiser til jobb og studier vere viktige tiltak på vegen mot målet om klimanøytralitet.

Grunna arbeidet med å legge til rette for syklistar på campus, vart UiB som første universitet i landet sertifisert som Sykkelvenleg universitet av Syklistenes Landsforbund i 2021.

Parkering og garderobar

UiB ønsker å gje tilsette og studentar gode moglegheiter for å sykle til og frå universitetet, og jobbar difor kontinuerlig med å etablere fleire trygge sykkelparkeringar og gode garderobefasilitetar rundt på campus.

Her finn du oversikt over UiB sine fasilitetar for syklistar, inkludert trygg sykkelparkering på universitetsområdet.